Aktuelt

Doblougprisen til Steinar Opstad og Linn Ullmann

Linn Ullmann debuterte med Før du sovner i 1998 og har sidan gitt ut mykje kritikarroste romanar som Nåde (2002) og De urolige (2015). Steinar Opstad fekk Tarjei Vesaas debutantpris for…

Steinar Opstad får Doblougprisen frå utdelar Mona Høvring. (Foto: Bjørn Aagenæs)

Linn Ullmann debuterte med Før du sovner i 1998 og har sidan gitt ut mykje kritikarroste romanar som Nåde (2002) og De urolige (2015). Steinar Opstad fekk Tarjei Vesaas debutantpris for den første diktsamlinga si, og har sidan skrive dikt og motteke det meste som finst av norske litteraturprisar. Doblougprisen blir gitt av Svenska akademien, og kan gå til norske eller svenske forfattarar eller til skjønnlitterær forskning. Den første prisen vart delt ut i 1951 og gjekk til Arnulf Øverland. Sidan då har forfattarar som Tarjei Vesaas, Inger Elisabeth Hansen, Jon Fosse og Thorvald Steen fått utmerkinga og I fjor gjekk prisen til Per Petterson, Kristina Sandberg, Inghill Johansen og Mirja Unge. Prisen er (pr. 2011) på 200 000 svenske kroner til kvar av prismottakarane.