– Me er no i ein situasjon der det er ein konkret trugsel mot Noreg. Det blir sett inn tiltak for å møta det trugsmålet, informerte Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) på ein pressekonferanse saman med politiet og Politiet si tryggingsteneste (PST) torsdag føremiddag.
Etter det PST kjenner til er aksjonen planlagt gjennomført om kort tid.
– Om det er snakk om fem til sju dagar, det er uklart for oss. Informasjonen me har motteke går ut på at dette kan skje i ein tidsavgrensa periode. Men det er ikkje snakk om at dette kan vara fram til jul, for å seia det slik, udjupar PST-sjef Benedicte Bjørnland.
- Uvisst kven som står bak eller kva/kven åtaket er retta mot
- Ber borgarar vera på vakt
- Åtvarar mot å fordømma einskilde grupper i samfunnet
- Væpna politi voktar grenseovergangar, flyplassar, togstasjonar
- Regjeringa har sett stab
Har kjempa i Syria
– Me mottok nyleg informasjon om at personar med tilknyting til ei bestemt gruppe i Syria har planar om å utføra ein terroraksjon mot Noreg, opplyser Bjørnland.
Personane i gruppa det dreier seg om har ifølgje PST delteke i kamphandlingar på bakken i Syria.
PST-sjefen seier det er uvisst om det er norske statsborgarar tilknytta gruppa og om dei mistenkte oppheld seg i Noreg eller er på veg hit no.
- LES OGSÅ: Terrorforskar trur nordmenn er involverte
- SJÅ OVERSIKT: Dette er dei norske Syria-jihadistane
Ho viser til trugselvurderinga frå tidlegare i år og peikar på ekstrem islamisme som den største utfordringa, særleg som følgje av borgarkrigen i Syria.
Om lag 50 personar fra Noreg har reist til Syria etter at konflikten blussa opp. Om lag halvparten av desse har returnert, ifølgje ein fersk PST-rapport. Dei reiser for å kjempa på opprørarane si side, og kjem tilbake til Noreg radikaliserte og med kamptrening og våpenkunnskap.
- Les heile den opne trugselvurderinga til PST (2014) her
Politidirektør Vidar Refvik seier trugselen er uspesifikk og ikkje gjeld konkrete objekt, geografiske område eller personar, etter det politiet kjenner til.
PST vurderer trugsmålet som uspesifikt, men truverdig.
– Me har kalla tilbake folk frå ferie og jobbar intenst med å få eit meir avklart trugselbilete og ei betre forståing av situasjonen, seier Bjørnland.
– Ver på vakt
Ettersom dei ikkje kjenner til detaljane kring trugsmålet, har styresmaktene ingen konkrete eller spesifikke råd å koma med til folk flest.
PST seier dei vel å gå ut med dette fordi det kan verka avskrekkande på dei som ønskjer å gjennomføra ei terrorhandling.
Statsråd Anundsen meiner det også er viktig at folk får informasjon og ber alle vera litt ekstra på vakt i løpet av dei nærmaste dagane.
– Som borgarar må ein vera litt meir aktsame enn vanleg. Det er samstundes viktig at me ikkje fordømmer enkeltgrupper i samfunnet. Trugselvurderinga står på gode og sjølvstendige bein, seier Anundsen.
Han oppfordrar folk til å følgja dei råda som politiet gir.
– Reisande vil merka dette i form av styrka politinærvær på togstasjonar, flyplassar, ved grenseovergangar, innfartsvegar og mange andre stader. Politiet dei ser vil vera utstyrte med våpen, seier politidirektør Refvik.
- LES OGSÅ: – Helt riktig å informere
Forsvaret har redusert responstid
Forsvaret er også budde på å bidra, opplyser pressetalsmann Eyvind Kvarving.
Responstida til Forsvaret sine helikopter på Rygge flystasjon er korta ned frå frå to timar til 15 minutt.
Tradisjonelt vil terroristar ofte retta seg mot symbolmål, fortel terrorforskar og professor ved Politihøgskulen, Tore Bjørgo
– Det kan vera offentlege bygg som Regjeringskvartalet og kommunikasjonssenter som jernbanestasjonar, flyplassar, grensestasjonar og liknande. Rådhuset er også eit slikt symbolmål, legg Bjørgo til.
Rådhuset er stengt for turistar inntil vidare. Statsminister Erna Solberg (H) utset ferien sin grunna trugsmålet, ifølgje VG. Kongefamilien har allereie teke ferie og har ikkje planar om å avslutta den, ifølgje pressekontakten på Slottet.
(Saka held fram under multimediaspelaren)
På spørsmål om fotballturneringa Norway Cup blir vurdert som eit potensielt mål for terrorplanen, kunne verken politidirektøren, statsråden eller PST kommentera dette på torsdagens pressekonferanse.
Norway Cup startar søndag og trekkjer titusenar av deltakande born og unge og tilskodarar til Ekebergsletta i Oslo. Arrangørane seier til NRK at dei førebels ikkje aukar beredskapen.
Oslo politidistrikt opplyser at dei har heva beredskapen og at det frå torsdag vil vera både uniformert og sivilt politi til stades i sentrale område i hovudstaden. Det blir pressekonferanse på Politihuset klokka 14.
Fly og tog som normalt
Oslo Lufthavn Gardermoen skal ikkje ha fått beskjed om å endra rutiner som følgje av den moglege trugselen.
– Nei, me held oss til gjeldande trugselvurdering, sa Marit Kjær, direktør for Organisasjon og Økonomi ved Oslo Lufthamn, til NRK torsdag føremiddag.
Heller ikkje NSB har blitt kontakta av politiet for å innføra eventuelle tryggingstiltak, opplyser informasjonsmedarbeidar Erik Lødding.