MINNES KRIGSDAGANE: Liv Flokketveit (bildet) og Arnulv Honerød hugsar godt krigsåra i Sauda. I dag vil dei dele sine minne i forkant av formiddagens premiere på «Kongens nei». Kinosjef Astrid Espeland meiner filmen er historisk viktig. (Foto: Frank Waal)
MINNES KRIGSDAGANE: Liv Flokketveit (bildet) og Arnulv Honerød hugsar godt krigsåra i Sauda. I dag vil dei dele sine minne i forkant av formiddagens premiere på «Kongens nei». Kinosjef Astrid Espeland meiner filmen er historisk viktig. (Foto: Frank Waal)

Markerer Kongens nei

Liv Flokketveit var sju år gamal då Tyskland invaderte Norge, og Kong Haakon VII svarte nei på å overgi seg. Ni år seinare fekk ho sjå kongen da han besøkte Sauda. Fotografiet av kongebesøket, der ho sjølv og fleire saudabuar er med på bildet, har ho hengande på veggen.

Andre verdskrig forandra ikkje bare kvardagen for mange land i verda, den forandra også kvardagen for innbyggarane i Sauda.

– Eg hugsar godt tyskaranes invasjon av Norge 9. april 1940, seier Arnulv Honerød.

Då var han 11 år og budde i Sauda.

– Eg visste at kongen og dronninga drog frå Oslo slik at tyskarane ikkje skulle få fatt i dei, men eg visste ikkje om dei hadde klart å komme seg unna. Etter den tyske invasjonen blei nyheitene som kom ut «silt» av tyskarane, seier Honerød.

Seinare fekk han høyre at kongefamilien hadde kome seg til England. Kong Haakon VII sa nei til å overgi seg til tyskarane. Det er det filmen «Kongens nei» handlar om.

Kinosjef Astrid Espeland har sett opp ei rekke førestillingar dei neste par vekene. Alt i dag vil det vere to framvisingar, ein gong ved lunsjtider og ein gong i kveld.

– «Kongens nei» er ein god film. Å sjå denne filmen vil vere ein fin måte å lære seg historia. Det er ei viktig historie, seier Astrid Espeland, som sjølv har sett filmen under filmfestivalen i Haugesund.

Før filmen i formiddag inviterer kinosjefen alle til eit historisk tilbakeblikk på biblioteket. Saudabuane Liv Flokketveit og Arnulv Honerød vil fortelle litt frå krigens dagar.

– I tillegg byr me på ein kaffekopp å litt å bite i. Eg håper flest muleg kjem. Det er ei spanande historie, seier Espeland.

Liv Flokketveit hugsar godt då dei første tyske soldatane kom til Sauda. Dette skjedde i slutten av mai, halvannan månad etter at tyskarane invaderte landet.

– Eg hugsar dei kom marsjerande. Bak kjørte det bilar som frakta ei rekke kanonar. Det var skremmande for oss ungar, seier Flokketveit.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.