VIL HA JOBB: – Eg har mykje meir å gi og har mange år igjen i yrkeslivet. Og eg er ikkje kresen, seier arbeidsledige Jane Haukeland. (Foto: Edd Meby)
VIL HA JOBB: – Eg har mykje meir å gi og har mange år igjen i yrkeslivet. Og eg er ikkje kresen, seier arbeidsledige Jane Haukeland. (Foto: Edd Meby)

«Eg vil ha meg ein jobb. Eg må ha ein jobb. Eg SKAL få meg ein jobb!»

Jane Haukeland veit alt om korleis det er å stå utanfor arbeidslivet. Men ho gir seg aldeles ikkje.

– Eg har søkt på alt utan å få napp, men eg gir meg ikkje. Eg hatar å vere utan jobb!

Ho smiler, og har tatt sitt val om å vere på offensiven, men ho legg ikkje skjul på at det tidvis er tøft å vere på utsida av det arbeidslivet ho alltid har vore ein del av.

2015: Jane har sitt arbeid som «bas» i elektroavdelinga hos Bartec Technor. Der produserer dei elektrisk utstyr for oljeindustrien. Det er manuelt arbeid med leiaransvar for seks-sju andre på avdelinga. Jane blei overraskeadå leiinga spurte henne om å styre denne delen av produksjonen, men ho stortrivst i jobben.

Ho liker kollegaene sine og har ryddig arbeidstid. Ho gler seg alltid til å gå på arbeid. Så smell det. Permitteringar og oppseiingar. Hausten 2015 får dei beskjed om at elektroavdelinga skal bli lagt ned og flytta til Stavanger. Det blir ei tøff jul.

Så blir ho flytta over til ei anna avdeling, men i februar 2016 får dei tilsette beskjed om at bedrifta legg ned all verksemd i Sauda. 31. august 2016 har Jane sin siste arbeidsdag på Bartec Technor.

Vil du lese meir? Sjekk papirutgåva eller last ned eavisa her.