Personavhengig på skulen?

Leiar (med lydfil):

Skule er eitt av dei store og evige tema i suldalspolitikken.

Den desentraliserte skulestrukturen i Suldal er eit særtrekk ved kommunen, eit manifest over viljen til grendeliv. Potensielt politisk sprengstoff, sjølvsagt. Då ungdomsskulane blei sentraliserte på Sand, var det nok ein av dei tøffaste rundane ein del av dei som då sat som folkevalde hadde vore med på i sine politiske liv.

Skulestrukturen i Suldal ivaretar meir enn undervisning; skulen er eit samlingspunkt, ein fontene av levande ungt liv, og det er dei som i fullt alvor hevdar at utan skule, blir bygda liggjande på det siste.

Men så er det det, at skulen også skal vera den staden der barn får undervisning, sosialt liv, leik og læring, forhåpentlegvis for livet.

Og om Suldal kan slå seg på brystet over prioriteringar til fordel for skulen, kjem det nå tal som bør uroa både foreldre, administrasjon, skuleleiinga og politikarar.

Rundt ein tredel av lærartimane går med til spesialundervisning og et dermed av kapasiteten til den ordinære undervisninga. Andelen timar er størst i mellomtrinnet, noko som betyr at ein nok må rekna at denne situasjonen vil vara ved ein del år, og rådmannens årsmelding fortel at talet er dobbelt så høgt som landet elles.

Suldals folkevalde er uroa, og fleirtalet finn det ikkje trygt å iverksetja heile kuttplanen i lærarårsverka til neste år.

Det er bra politikarane lar seg uroa. Om det er rett at dei folkevalde diskuterer utforminga på dei praktiske tiltaka og det faglege innhaldet, kan sikkert diskuterast. Men ordførar Gerd Helen Bø (Sp) bør kikka tilbake på detalj-iveren i eige parti når det gjeld eit visst skuletur-opplegg, før ho anklagar Ap for å vera detaljistiske i å komma utfordringane til livs.

Det som er meir urovekkjande er at kommunalsjefen for oppvekst, Nils Erik Eide, overfor politikarane høyrest ut til å meina at klasseleiing er heilt personavhengig, slik han sa under formannskapets årsmeldingssak på Nesflaten sist månad. At “nokon får det til, mens andre ikkje får det til”, er rett og slett ikkje god nok forklaringsmodell for denne situasjonen. Noko må tydelegvis skje, og det er ikkje sikkert det er fleire løyvingar eller meir haugalandsløfting som skal til.