ENDELEG KLART: Den nye regjeringa vart presentert tysdag. Til tross for mange utskiftningar blant statsrådane, er minister for forskning og høgre utdanning Tora Aasland framleis med.

Tora framleis i varmen

Tora Aasland er i skuggen i regjeringa, men er framleis med som statsråd for forsking og høgre utdanning.

Publisert Sist oppdatert

Tysdag formiddag presenterte ein tilsynelatande stolt Jens Stoltenberg statsrådskabalen for den komande regjeringsperioden. Spekulasjonane har gått om ein kom til å fjerne ministerposten for forsking og høgre utdanning, men Aasland klamrar seg fast.

– Det er fornuftig at ein får kontinuitet, men eg håper at ho får enda større gjennomslag den komande perioden, seier Ole Petter Ottersen, rektor ved Universitetet i Oslo (UiO).

Skryt og kritikk

Tora Aasland har fått blanda tilbakemelding på sitt arbeid som minister dei siste to åra. Ho har fått skryt for si interesse for forsking og høgre utdanning, men kritikk for at ingenting skjer. Det var stor oppstandelse då statsbudsjettet og Soria Moria-erklæringa nyleg vart lagt fram. «Ein dolkestøyt mot studentane», sa Ina Tandberg, leiar i Studentenes Landsforbund (StL) då.

I Kunnskapsdepartementet (KD) har ein fått endringar ved at tidlegare finansminister Kristin Halvorsen tek over som kunnskapsminister etter Bård Vegar Solhjell.

– Eg håper at Halvorsen og Aasland kjem til å samarbeide om å få merksemd til vår sektor, og at det ikkje vert ein konkurranse mellom dei to, fortel Anne Karine Nymoen, leiar i Norsk Studentunion (NSU).

Nymoen meiner at det potensielt kan verte problematisk med Halvorsen i same departement, men at det er vanskeleg å spå på førehand.

Trur på Kristin

Leiaren i Forskarforbundet Bjarne Hodne meiner på den andre sida at det kan vere positivt å få ein profilert politikar inn i KD.

– Eg trur Kristin kan bidra til å samordne heile kunnskapsrekka. Det er viktig at alle ledda vert ivaretatt, heilt frå barnehage til forsking, seier Hodne.

Forskarforbundet er svært nøgd med at forsking ikkje vert flytta til Handels- og næringsdepartementet, slik det har vore spekulert på.

I den «nye» regjeringa har ein tolv representantar frå Arbeidarpartiet, og fire kvar frå Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti. Til saman er dei ti kvinner og ti menn.

Powered by Labrador CMS