Fleirtalet i kommunestyret representerer ikkje folkeviljen i Rennesøy

DEBATT: Mange har i ettertid gitt til dels kraftige reaksjonar på at dei er blitt lurt av spørsmålsstillinga på stemmeseddelen til å stemme ja til samanslåing med Stavanger kommune.

«Rennesøy kommune har full sjukepleiardekning. Alt dette er område innan kommunal sektor som vi som ein liten del av ein stor kommune, vil miste medbestemming og påverknad over. Om vi i ein overgangsfase blir lova gode ordningar, står dei berre til neste vedtak», skriv Øydis Westersjø i Rennesøy Senterparti.
  • Øydis Westersjø
    Rennesøy Senterparti
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Øvregaard har fredag 25. november eit lesarinnlegg i Stavanger Aftenblad der ho skriv om korleis Austre Åmøy blir behandla som bydel i Stavanger.

Austre Åmøy høyrer som kjent til Stavanger, mens andre delen av øya Vestre Åmøy, høyrer til Rennesøy. Det er fullt forståleg at frustrasjonen brer seg når ei bygd mister både skule, barnehage og busstilbod. Eg er heilt einig med Øvregaard, det minste Stavanger kunne utført av kompenserande tiltak måtte jo vere å byggje gang- og sykkelsti over til Vestre Åmøy slik at ein kan ferdast trygt mellom dei to kommunane.

Les også

Vi har kjempet hardt for Austre Åmøy mot både stat og fylkeskommune

Øvregaard har rett

Det er ingen tvil om at det Øvregaard skriv om er rett. Det merkelege er at fleirtalet av politikarane i Rennesøy kommunestyre går med opne auge inn i den same kommunen som i dag styrer Austre Åmøy. Vi hadde 1. juni ei folkeavstemming som ikkje harmonerer med kommunestyret sitt vedtak. Her var det 690 stemmer for at Rennesøy skulle halde fram som eigen kommune, 587 stemmer som ville inn i Stavanger og 318 stemmer for eit Utsteinalternativ. Fleirtalet i kommunestyret representerer såleis ikkje folkeviljen i Rennesøy.

Så takk til Kirsten Øvregaard som fortel oss kva vi har i vente.

Det er elles stor sannsynlegheit for at mange av dei som stemte på Utstein kommune hadde stemt for eigen kommune dersom alternativa hadde vore Stavanger og Rennesøy. Utsteinalternativet blei det som kjent ikkje noko av. Mange har i ettertid gitt til dels kraftige reaksjonar på at dei er blitt lurt av spørsmålsstillinga på stemmeseddelen til å stemme ja til samanslåing med Stavanger kommune. Senterpartiet føreslo på kommunestyremøtet der det blei vedtatt av vi skulle slå oss saman med Stavanger, at vi skulle ha ei ny innbyggjarundersøking med berre to klare alternativ. Dette vart nedstemt av kommunestyret.

Les også

Beklager, men jeg kjenner meg ikke igjen i beskrivelsen av Austre Åmøy

Rennesøy framstår i dag som ein svært veldriven kommune, dette viser tal frå KOSTRA. Vi er i toppen i vår kommunegruppe på effektivitet, vi har ein svært god skule med gode resultat på nasjonale prøvar, gode eksamensresultat, lite fråfall frå vidaregåande og Ungdataundersøkinga i vår vert lagt merke til i nasjonal samanheng. Vi har nye barnehagar utan ventelister og med godt utdanna personell. Brukarundersøkingar viser nøgde foreldre. Rennesøy bo- og rehab saman med heimetenester, kafé og dagsenter gir dei av våre innbyggjarar som treng det, godt stell, pleie og ikkje minst sosiale treffpunkt.

Les også

Rådmennene i Stavanger, Finnøy og Rennesøy vil ha rask sammenslåing

Står berre til neste vedtak

Vi har elles full sjukepleiardekning. Alt dette er område innan kommunal sektor som vi som ein liten del av ein stor kommune, vil miste medbestemming og påverknad over. Om vi i ein overgangsfase blir lova gode ordningar, står dei berre til neste vedtak. Det å gi frå seg sjølvråderett og moglegheit til demokratisk påverknad i den grad vi har i dag, er etter mi meining heilt feil veg å gå. Det er som kjent for seint å snyte seg når nasen er av. Så takk til Kirsten Øvregaard som fortel oss kva vi har i vente.

Publisert: