Fråvær av oppføljing etter soning: «Kriminalitet i offentleg regi»

KRONIKK: Vi har høyrt mange lovnader om å tette «glippsonen», overgangen frå fengsel tilbake til samfunnet. Men politikarane følgjer ikkje opp sine eigne lovnader. Dette kostar samfunnet millardar.

Når fangar går ut av fengsel, får samfunnet att over 6 kroner for kvar investerte krone i tilbakeføring til samfunnet. Kvifor satsar vi ikkje då?
  • Torfinn Langelid
    Torfinn Langelid
    Pensjonert seniorrådgjevar og fagbokforfattar
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Tidlegare justisminister Anders Anundsen tok i samarbeid med fire andre statsrådar initiativ til å styrkje innsatsen for tilbakeføring til samfunnet etter avslutta soning. Det er sett ned ei arbeidsgruppe som skal utarbeide framlegg til gode samarbeidsmodellar, der målet er å koma fram til fungerande løysingar for dette arbeidet.

Kriminaliteten kostar samfunnet svimlande 88 milliardar kroner kvart år. Då skulle vi tru at styresmaktene vil setje alle krefter inn på å førebyggje kriminalitet og ha ei god oppfølging av straffedømte etter avslutta soning. Alt i 1841 sa Strafanstaltskommisjonen at når det galdt oppfølging etter avslutta soning, «maa man ikke forlade Fangen i det kritiske Øieblik, han derfra løslades». Dette er framleis god kriminologisk vitskap. Gjennom mange år har vi sett manglande politisk handlekraft, dårleg byråkratisk arbeid, og korleis viktige forskingsrapportar ikkje blir tekne på alvor. I haust fekk det gode oppfølgingstiltaket TAFU i Rogaland melding om at på grunn av dårleg økonomi måtte det i verste fall leggjast ned.

Ein elev kalla TAFU Rogaland «tilbakeføring til livet».
I Rogaland går det bra. I 2016 fekk 36 deltakarar arbeidstreningsplassar, 13 fekk løna arbeid/fast jobb, to tok fagbrev og fire fekk læreplass. Her Åna fengsel.

Ein glimrande modell

Norske TAFU – Tilbakeføring gjennom arbeid, fritid og utdanning – byggjer på same tankegangen som svenske KrAmi; eit samarbeid mellom kommunar og fylkeskommunar, arbeids- og velferdsetaten og kriminalomsorga. Det er modellar for tett og godt samarbeid mellom ansvarlege partar og fungerer såleis som ein tiltaksmodell for å hindre tilbakefall, gje støtte til rus- og busituasjonen, hjelpe til med å utvikle gode sosiale nettverk og leggje til rette for konstruktive fritidsaktivitetar. TAFU er ein glimrande modell for å tette glippsonen, overgangen frå fengsel tilbake til samfunnet. Evalueringa av KrAmi viser at for kvar investert krone får samfunnet tilbake mellom 13 og 18 kroner.

TAFU Rogaland kom i gang i 2009. Eit nasjonalt prosjekt må ha god oppfølging av dei aktuelle departementa og direktorata som har det overordna ansvaret. Tiltaka stiller krav til samarbeid på tvers av etatar lokalt, regionalt og nasjonalt.

Lokalt går det veldig bra i Rogaland. I 2016 fekk 36 deltakarar arbeidstreningsplassar, 13 fekk løna arbeid/fast jobb, to tok fagbrev og fire fekk læreplass. Ein elev kalla TAFU Rogaland «tilbakeføring til livet». Han hadde vore narkoman i 20 år og seier sjølv at han har vore på dei fleste sentra som finst i Noregs land. TAFU er det einaste tiltaket som har klart å hjelpe han til eit anna liv.

Resultatet viser at over ein 20-års periode får samfunnet ei avkasting på 6,4 kroner for kvar investert krone.

Gode evalueringar, svært lønsamt

Arbeidsforskningsinstituttet, som har evaluert TAFU, gir tiltaket god omtale, men når det gjeld nasjonal forankring, meiner AFI at det har svikta. Tilbakeføring til samfunnet er eit felles ansvar for fleire departement, men departementa klarar ikkje å samordna sin eigen innsats.

Arbeidsforskningsinstituttet vurderte også dei samfunnsøkonomiske konsekvensane (side 72–83) av TAFU. Resultatet viser at over ein 20-års periode får samfunnet ei avkasting på 6,4 kroner for kvar investert krone. Dermed er det vel berre etablere TAFU-tiltak over heile landet? Det skjer ikkje.

Kven blir straffa? Det er vi sjølve. Samfunnet blir mindre trygt fordi dei politiske styresmaktene og byråkratiet ikkje tek kunnskap, utgreiingar og forsking på alvor. Den tidlegare straffedømde går tilbake til nye år i rus og kriminalitet.

Dei opplever at det er for uklare sentrale føringar med omsyn til mellom anna økonomi.

Vågar ikkje satse lokalt

Sluttrapport (2013) frå Fylkesmannen i Hordaland, som var nasjonal leiar i prosjektperioden, viser til at det er stor interesse for å starte opp TAFU tiltak fleire stader i landet. Ei arbeidsgruppe sett saman av representantar frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, Fylkesmannen i Hordaland, Kriminalomsorgsdirektoratet og TAFU Rogaland kom i 2014 med ein rapport om framtida til TAFU. Arbeidsgruppa rår til at TAFU Rogaland skal vidareførast i ordinær drift. Dette blei støtta av dei ansvarlege statssekretærane.

Det går ut brev frå Arbeids- og velferdsdirektoratet til Oslo, Bergen og Trondheim kommunar med invitasjon til etablering av TAFU. Ingen av dei inviterte kommunane tør å satse på modellen, dei opplever at det er for uklare sentrale føringar med omsyn til mellom anna økonomi.

Dette må i sanning karakteriserast som kriminalitet i offentleg regi.

Kva skjer om eitt år i Rogaland?

Det hjelper ikkje med gode politiske visjonar dersom det ikkje heile tida er eit trykk på at dei ulike aktørane gjennomfører det som er vedteke. Det tverrpolitiske initiativet til tidlegare justisminister Anundsen har vi ikkje sett noko til. Men eit oppfølgingsprosjekt som TAFU Rogaland, som har fått god evaluering på det lokale plan (sjå her og her), har fått lovnader om sikker drift og i tillegg skulle etablerast fleire stader i landet, fekk melding om at no er det kroken på døra. I siste liten er det gjennom lokale initiativ sikra finansiering i eitt år til. Men kva vil så skje? Kor lenge vil medarbeidarane i TAFU Rogaland orke å bruke sin dyrebare kompetanse på usikre tiltak? Usikker framtid blir det også for dei som opplever at TAFU Rogaland har gitt dei ei ny plattform å byggje livet vidare på. Og kva med dei mange rundt i landet som ikkje får tilbod om TAFU? Dette må i sanning karakteriserast som kriminalitet i offentleg regi.

Publisert: