Jordbruksoppgjeret må endrast

DEBATT: Stavanger Aftenblad hadde 24. mai ein leiarartikkel om jordbruksoppgjeret. Her vert det framstilt som om det er hovudregelen at jordbruket bryt forhandlingane for så å gå til Stortinget for å få støtte til sine krav der. Dette er ei skildring som ikkje har rot i røynda.

 «Eg trur lesarane til Aftenbladet er langt meir interesserte i korleis maten vert produsert og rammevilkåra for ei av fylket sine største næringar, enn det dei som bestemmer i Aftenbladet er», skriv Geir Pollestad.
  • Geir Pollestad
    Geir Pollestad
    Stortingsrepresentant, leiar i Næringskomiteen, Sp
Publisert: Publisert:
Les også

Ja til reelle forhandlinger

iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Hovudregelen er at forhandlingane ender med avtale. Dei gongene det ender med brot, er hovudregelen at Stortinget vedtek regjeringa sitt tilbod som jordbruksoppgjer. Sist gong Stortinget gjorde endringar ved brot var i 2014. Det var ein heilt spesiell situasjon. Sylvi Listhaug la fram eit tilbod som var langt unna den politikken Stortinget stod for. Då var det klart at Stortinget må gripa inn. Då hadde ei slikt inngripen frå Stortinget ikkje skjedd sidan 1983.

Aftenbladet tek feil når dei set dette fram som ei sak mellom jordbruket og regjeringa.

Ikkje i tråd med meldinga

I år har me ein situasjon der Stortinget for ein månad sidan vedtok ei jordbruksmelding. Regjeringa la fram eit tilbod til jordbruket som ikkje var i tråd med denne meldinga. Når det heller ikkje var nok vilje til å forhandla frå staten si side, så vart det brot. Då meiner eg Stortinget må reagere og endra staten sitt tilbod slik det vert i tråd med Stortinget sin politikk.

Så Aftenbladet tek feil når dei set dette fram som ei sak mellom jordbruket og regjeringa. Det er no ei sak om tilhøvet mellom Storting og regjering. Regjeringa ved landbruksministeren verkar å tru at Stortinget er eit rådgjevande organ for han. Det kan ikkje aksepterast. Difor vil Stortinget styrka forhandlingsinstituttet om me no tek grep og endrar staten sitt tilbod. Forhandlingane skal skje innafor den politikken Stortinget har vedteke. Det tener korkje demokratiet eller jordbruket om regjeringa nyttar forhandlingane til å få gjennom ein politikk som ikkje Stortinget ynskjer.

Eiga avis som kjelde

Så kan eg forstå at ikkje kunnskapen om jordbruksoppgjeret er betre hjå redaktøren i Aftenbladet. Særleg ikkje om han hovudsakleg nyttar si eiga avis som kjelde. Landbruksdekninga i Aftenbladet er vorten særs tynn. Årets jordbruksoppgjer er omtala fire gonger i papiravisa. Til samanlikning nytta Aftenbladet fem sider på omtale då restaurantane i Sandnes i 2016 selde matretter til ein hundrelapp. Mellom anna fekk me veta at ein pizza av type «nr. 10 bankers» på Dolly Dimple`s fortente terningkast 2.

Tips til Aftenbladet

Eg trur lesarane til Aftenbladet er langt meir interesserte i korleis maten vert produsert og rammevilkåra for ei av fylket sine største næringar, enn det dei som bestemmer i Aftenbladet er. Det siste her er ikkje ei klage, men eit tips til Aftenbladet. Dei fleste innbyggjarane i vår region kan ikkje alt om jordbrukspolitikk, men dei fleste veit korleis «Bankersen» på Dolly smaker.

Publisert: