Luther kom aldri til Ryfylke

KRONIKK: I 2017 er det 500 år sidan Martin Luther spikra sine 95 tesar opp på slottsdøra i Wittenberg. Det starta ei rørsle som kom til å prega Europas historie – og etter kvart også verda utanfor Europa.

Det finst Martin Luther-statuar over store delar av verda, og spesielt mange i Tyskland. På dei fleste av dei er Bibelen hans med. Her det aller første monumentet som ble reist, J. G. Schadows statue i Wittenberg frå 1821.
  • Kjetil Aano
    Kjetil Aano
    Prost i Tungenes
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Martin Luther skal markerast i år. Fire søndagar blir det tematisert i alle norske (lutherske) kyrkjer, ved ei rekke arrangement, seminar og feiringar, og på ekte ryfylksk vis, med humor og historisk innsikt, gjennom «Luther med latter», som Ryfylke Livsgnist set opp i Rogaland og rundt i landet.

Men kom reformasjonen til oss? Nådde resultata av det som historikaren Heinz Schilling omtalar som ein revolusjon, til Norge, og Ryfylke, Europas ytterpunkt? Eller har Inge Lønning rett når han hevda at luthersk teologi aldri prega norsk kristendom – her blei vi i beste fall individualistiske pietistar?

Korleis viser vi Guds nåde i møte med dagens etiske utfordringar?

Global og økumenisk

Denne gongen har ein valt å markera åremålet økumeniske og globalt. Luther er for mange gonger feira vel pompøst – som lyset som kom etter mange hundre års katolsk mørke; eller som opphavsmann for alt godt, frå individualisme til demokrati. I tillegg er mørke sider underkommunisert. Luther har uttalt seg antisemittisk om jødar, brutalt om muslimar, og han legitimerte valdsbruk mot dei som ville ein meir radikale reformasjon. Så har pendelen svinga, og Luthers livsverk er blitt avgrensa til hans mørke skygge, og reformasjonen redusert til noe episodisk.

Portrett av Martin Luther frå Meyers Konversations-Lexikon, publisert på tysk i 21 bind 1905–1909.

I dag er det rom for fleire Luther-bilete. Det har mellom anna ført til eit Luther-tiår i Tyskland, der hans gjennom si bibelomsetjing la grunnlaget for framveksten av det tyske fellesspråket (høgtysk).

Det lutherske verdforbundet har understreka at dette jubileet skal markerast, og ikkje feirast. I økumenisk perspektiv er reformasjonen og Luther tvitydig. Dessutan skal det vera eit globalt perspektiv. Det tyske og det nordiske skal vika, slik at det blir plass til det globale. Og for det tredje er det viktig å sjå det åndelege – spørsmålet etter ein nådig Gud, – må sjåast saman med det praktisk etiske: Korleis viser vi Guds nåde i møte med dagens etiske utfordringar?

Han fanga opp og gav kraft til ei rekke av si samtids straumdrag.
Òg utanfor Frauenkirche (Vår Frues kyrkje) i Dresden står Martin Luther, som han gjorde etter den forferdelege, allierte brannbombinga av byen mot slutten av 2. verdskrigen.

Historias irrgangar

I dag blir Luther igjen via stor plass. Men han blir ikkje framstilt som einaste opphavsmann til alle gode ting, heller som ein som fanga opp alt det som var av endringar i samtida, og spelte det ut i eit religiøst og politisk spekter, som så forma det Europa vi kjenner. Han fanga opp og gav kraft til ei rekke av si samtids straumdrag. Endringane som kom i hans fotefar førte også til valdeleg omveltingar, slik det ofte skjer med revolusjonsheltar. Men han er ein nøkkel for å forstå det Europa vi har i dag. Som religiøs reformator spelar han ei større rolle enn den som førte til at verdas lutherske kristne kan teljast i hundretals millionar. Det var først under trykk frå lutherske og andre protestantiske kyrkjer at den katolske starta ein eigen reform-prosess. Trientkonsila (1545–63) som i protestantisk språkbruk blir kalla motreformasjon, var ein genuin reform av den katolske kyrkja. Og den blei ført vidare både under Det andre vatikankonsilet på 1960-talet, og, får vi håpa, under nåverande pave Frans.

I Norge blei sentrale sider ved lutherdom gjort tilgjengeleg for vanlege folk i hovudsak gjennom hans Nielsens Hauges rørsle.

Raskt og langsamt

Reformasjonen spreidde seg raskt. Det sentrale spørsmålet for Luther var enkeltmenneskets tilgang til Guds nåde. Opprøret han starta var eit direkte angrep på presteskapets makt som formidlar mellom Gud og menneske. Slik går det openbare linjer frå Luther til både individualisme og demokrati – men å trekka dei på eintydig vis blir historieforenkling.

I Danmark vekte munken Martin sterk interesse hos i presteskap og kongehus. I Norge blei sentrale sider ved lutherdom gjort tilgjengeleg for vanlege folk i hovudsak gjennom rørsla til Hans Nielsens Hauge (haugianarane) – som på same måten som reformasjonen, var eit opprør mot prestemakt som utnytta sin særlege posisjon til å halda folk fast i åndeleg fangenskap ved å gjera dei avhengige av presten, og slik forhindra sosial endring.

Han representerer eit frimodig håp i møte med det håplause.

Humor og glede, einskap og håp

Det er eit sterkt folkelege og livsbejaande drag i tradisjonen etter Luther, tydeleg uttrykt i hans glade stadfesting av det kroppslege, og av skaparverket. For Luther var det ypparste kallet for kvart menneske å leva i pakt med Guds vilje i kvardagen – det var det han kalla å leva «i sitt kall». I Norge møtest ein pietistisk tradisjon ei katolsk kallsforståing, der kall primært var knyta til religiøs aktivitet, hos katolikkar til å gå i kloster, hos oss til å bli misjonær, prest og kanskje sjukepleiar – og gjerne i misjonssamanheng.

Like fullt har Luther og hans tradisjon sett sitt preg på vårt land, ofte meir enn vi trur. Samtidig er det grunn til å nytta dette jubileet til å blankpussa noen av dei motiva som låg under hans livsverk. Det er ein sterk økumenisk impuls knytt til markeringa. Luther ville ikkje ei ny kyrkje – men ei reform av den eine kristne kyrkja. Like klar er ei etisk vending mot kvardag og skaparverk. Luther ville planta eit tre med tanke på framtida – og slik skal vi bygga ei framtid for den verda vi lever i. Han representerer eit frimodig håp i møte med det håplause.

Luthersk samtid var sterkt prega av angst og apokalyptiske førestillingar. I dag opplever mange menneske apokalyptiske tilstandar på nært hald, andre kjenner livets krav som uoverstigelege. Det er i god luthersk tradisjon å peika på at den Gud som har skapt verda, er ein nådig Gud som bryr seg om oss små menneske på jorda. Og – utan å påføra andre menneske smerte eller urett – inviterer markeringa oss til å gleda oss over livets gode gåver.

Programmet som er lagt opp av Stavanger bispedøme for året 2017, søker å ta med seg alle desse impulsane inn i kvardagen. Og når du har sett førestillinga «Luther med latter», vil du kanskje svara at, jo då, Luther kom nok til Ryfylke likevel.

Publisert: