Sola kommune har gått den lette vegen

DEBATT: Sola kommune har bestemt at tigging er forbudt avdi nokre butikkar hadde vore ute for hissige tiggarar.

 «Kan grunnen til at nokre tiggarar har blitt hissige vera at ein og annan som går forbi dei, har vore hissige eller vore nedlatande overfor dei?», spør Kåre Lode.
  • Kåre Lode
    Kåre Lode
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Norge har fått mange innflyttarar frå EU-landa som søker arbeid her. Mange er gode fagfolk som me treng, andre har aldri fått utdanning eller jobb i det landet dei kjem frå. Mange av dei må leva av tigging.

Det kan godt vera at ein del av tiggarane er utpressa av bakmenn. Då er det bakmennene som er problemet, ikkje tiggarane. Politiet i Norge og Romania, eller andre land, bør arbeida saman for å få stoppa bakmennene.

Eg kjem ikkje til å reisa til Sola for å handla.

Eg går ofte forbi tiggarar, men eg helser på dei. Det hender at eg legg litt i koppen dei har. Eg har aldri vore ute for ein tiggar som blei sur, anten om dei fekk noko eller ei. Kan grunnen til at nokre tiggarar har blitt hissige vera at ein og annan som går forbi dei, har vore hissige eller vore nedlatande overfor dei?

Sola kommune har gått den lette vegen: Høyra på dei sure og nedlatande, ta dei små, og la bakmennene sjå seg om til nye måtar å få pengar på. Nå gjev eg pengar til alle tiggarar eg møter på min veg. Eg kjem ikkje til å reisa til Sola for å handla.
Sola kommune deler ut kvart år "Menneskerettighetsprisen for nordjæren-regionen". Korleis kan Sola kommune kombinera menneskerettigheitar med å slå ned dei fattige som ikkje har gjort noko anna enn be om pengar til mat og til andre nødvendige ting?

Publisert: