Eg protesterer på det sterkaste mot nedlegging av barneskular, omsorgssenter og vegar i utkantane. Desentralisert eldreomsorg er nødvendig for at alle skal få ein verdig alderdom.Moglegheita for god kontakt med familie og vener er ein avgjerande trivselsfaktor.

Vi vil alle helst bu heime så lenge som mogleg. Då vi ikkje lengre er i stand til det er det omsogssenter vi har bruk for.Ordninga ved Voll omsorgssenter, med eige kjøkken og omkjøring av middag til dei som bur heime har vore ei svært god ordning. Dette har ført til mindre behov for instituasjonsplasser. Og ikkje minst til ein betre kvardag for eldre som soknar til Voll omsorgssenter.

Nedlegging av Vågstranda skule.Det forundrer meg at folk med sunn fornuft vil sende seksåringer fra for eksempel Vikåsen eller Hjelvika, med buss til Måndalen skule.Er dette til barnets beste eller tenderer det til barnemishandling?La utkantane få behalde barneskulane. Dette er av avgjerande betydning for små bygdesamfunn. Eg vil advare mot å presse igjennom denne sentraliseringspolitikken. Dersom dette hender er eg redd for at vi får ein situasjon der vi får by og land, mann mot mann.

Jon Venås