I den store, svarte gryta hadde det vore grønsaksuppe, men den var så populær, at omtrent rubbel og bit var borte. Dei fleste elevane hadde forsynt seg meir enn ein gong, vart det sagt. Kanskje ikkje så rart, med tanke på at det var både kaldt og vått. Brød hadde dei og baka og steika i jordgropa.
Latteren og hyla skuldast leiking av kampleikar frå vikingtida instruert av vikingar frå hærkampgruppa Vedhrar frå Stiklestad. På denne posten vart det dratt i tau for få motstandaren over på si side. Yngvar Sandodden frå Vedhrar fortel at medlemmane i gruppa driv utelukkande med kampsport. Nokre gonger har dei ei historie som skal fortellast, men vanlegvis blir dei einige på førehand om det er kjemping mann mot mann, eller om det er som gruppe. Laurdag føremiddag vil dei demonstrere korleis dei slåss på marknaden.
I løpet av dagen skulle elevane innom fleire forskjellige postar. Kampleikar var berre litt av det – smiing, skyting med pil og boge og omvising på gravfeltet var dei tre andre.
Sigve Koht-Tøfte og Sigurd Tøfte-Johnsen frå 7.klasse og Ole Magnar Nisjaløkk frå 6.klasse på Løykja skule var svært begeistra for vikingdagen. Det var andre og tredje gongen for deira del at dei var på denne annleise skuledagen.
-Veldig bra å vere her. Det var veldig kjekt at smiinga var blitt med som ny aktivitet. Omvisinga på gravfeltet var og betre enn før. Den var meir faktaorientert, fortel gutane, som og rosar den gode, gamle suppa opp i skyane.
-Alle likar den, poengterer dei.
Gutane er einige om at pil og boge-skytinga var artigast, og i helga skal dei tilbake for å kjøpe seg utstyr når marknaden opnar. Skuledagen er nemleg berre til opplæring og ikkje for å kunne kjøpe noko.
Ved smia skulle elevane banke flat ein oppvarma spiker, som dei så skulle pusse blank før dei kunne ripe inn namnet sitt med runeskrift på ei lita treplate.
På marknaden i helga kan ein få med seg meir enn vikingkampsport. Både laurdag og sundag står middelaldersong og –musikk på programmet, i tillegg til føredrag om vikingultur, bogeskytarkonkurranse og gjøglarshow.