Over 30 aktørar har meldt seg på til årets julemarked på Prestegarden. Det er alle slags handarbeid, brukskunst, kunst, lokalmat, fluebinding, knivmaking, strikking, veving, maling, ….  Det  blir underholdning med kor, korps og trekkspel, åresalg og kafe’. Ute og inne blir det  arbeidsdemonstrasjonar og aktivitetar med smiing av jern, laging av sopelimar, spikking i rått tre, juleverkstad, luftgeværskyting  og  kasting med flue (casting). Her kan du få kjøpt flotte julegåver, ri på hest eller vere med å by på auksjonen på søndag kl 14.

I år skal det kårast vinnar av ein strikkekonkurranse som har pågått eit heilt år. I fjor lyste Eresfjord husflidslag  utkonkurranse for å kåre «Nessetgenseren» . Det har kome inn 10 bidrag til konkurransen og det blir både mannekengoppvisning, utstilling og mulighet til å vere med å stemme fram vinnaren.

Loppemarked er alltid populært.   Viss du ryddar i loft og kjellar til Jul, vil vi gjerne ta imot lopper og auksjonsting på fredag ettermiddag på prestegarden. (Ikkje klær og store møblar)

Dørene opnar presis kl 11 begge dagane og det er gratis inngang.  For å skaffe litt inntekt til Prestegarden vert det gamaldags åresalg med flotte gevinstar begge dagane.

Her blir det underholdning og aktivitetar for alle. Nesset skolekorps og Nesset barnekor kjem og deltar på søndagen og Ragnar Stubø har lovt å ta med seg trekkspelet på laurdag.  

Arrangementet er eit flott samarbeid mellom Romsdalsmuseet, kommunen, aktivitetstjenesten, bygdekvinnelaget og husflidslaget.