I høve Johannes Vinjum sin 85. fødseldag i 2015 lyste Johs. Vinjum legat ut eit stipend på kr. 25 000. Som motyting skulle vinnaren besøke Aurland i to veker, og leggje att eit kunstverk der han hadde henta inspirasjon frå Aurland og Johannes Vinjum sin kunst. 26 deltakarar frå heile Europa, Canada og Mexico deltok i konkurransen. Det var den Italienske målaren Manuel Portioli som vart den heldige vinnaren. Frå og med 17. september stiller han ut i det nyinnreia gjestegalleriet i 2. etasje i Heradshuset.

Manuel Portioli kjem frå ein region i Italia –Emilia Romagna- ned millionbyen Bologna som sentrum. Om kunsten hans skreiv jurymedlem Harald Flor i juryrapporten: «Portioli er sterkt forbundet med barokkens bølgende billedelementer. Noe som framgår av dramatisk komponerte landskaper. Han forener elementer frå norsk natur – bekkeløp, vannliljer mot vannspeol, skygger frå tett skog og rytmiske strømninger- med en dynamisk og pulserende billedregi. Hans blikk og pensler favner også ruskeværet på vestlandske trakter. Portioli er som Johannes Vinjum en maler med et egenartet temperament som avspeiles i den visuelt varierte karakteren på hans bilder.”

”Vi tror at Johannes ville ha gledet seg over at et stipend som ærer hans namn, nå hedrer en ung og talentfull kunstner som Manuel Portioli” skreiv Flor som har kjend Johannes Vinjum personleg.

Utstillinga heitar ’God of the high places’ og består av, spesielt for utstillinga,  maleri og akvarellar frå besøket i Aurland. I dei figurative landskapsmaleria skildrar Portioli sine kjensler av det sakrale han opplevde ved å gå i fjella i Aurland. Han utforska samanhengen mellom det å gå tur i naturen og helsebota som naturen kan gje. Naturalistiske filosofer og moderne vitskapar er også opptekne av dette. Portioli var også på søk etter den « religiøse» kjensla som høge fjell har skapt frå gamalt av. Portioli gjekk i fjella i Aurland i ti dagar. Resultatet viser på utstillinga.

Utstillinga opnar offisielt Laurdag 17. september, kl. 13.00 i Vinjum Galleri i Heradshuset. Det blir musikk ved Øystein Steinsland og Mitch Mulders frå Aurland musikk- og kulturskule, klipping av snor og talar. Du kan møte kunstnaren som skal holde eit lite foredrag om bilete sitt. Etter  den offisielle opninga er utstillinga i Heradshuset open for besøkande fram til kl. 17.00.

Utstillinga skal vere tilgjengeleg for publikum fram til hausten 2017. Frå og med 19. september er den faste opningstida måndag til fredag kl. 09.00-15.30. Gratis inngang. Det er ein salsutstilling. Om du er interessert i å kjøpe ein av dei utstilte bileta tek du kontakt med kultureininga i Aurland kommune.

Velkommen!

Styret i Galleri Vinjum