Husa ligg langs ei 80 meter lang gate eit par hundre meter frå gravhaugane som stammar frå tida rundt år 900, skriv Sandefjords Blad.

– Vi har visst i lang tid at det finst restar av gammal busetjing på staden, men det er først no, med ny teknologi, at vi har fått ei oversikt over omfanget, seier professor Jan Bill ved Kulturhistorisk museum.

Saman med Norsk institutt for kulturminneforsking (NIKU) og Vestfold fylkeskommune har museet kartlagt området med georadar og magnetometer. Dette utstyret gjer det mogleg å kartleggje strukturar som ligg gøymt under bakken, utan å grave.

– Vi har fått hjelp med analysane av forskarar frå Wien, og fekk resultata først for ei veke sidan. I mai skal vi i gang med meir finmaska undersøkingar i området, og til sommaren vil vi byrje å grave ut spesifikke område, seier Bill.

Fylkesarkeolog Terje Gansum meiner funnet som no er avdekt kan vise seg å vere av stor betydning.

– Dette er utan tvil eit viktig funn, både i norsk og skandinavisk vikinghistorie. No kan vi vonleg også plassere Gokstadhaugen i ein større lokal kontekst, seier Gansum. Han er heilt sikker på at ein enno ikkje har full oversikt over storleiken på busetjinga, og at ein garantert kjem til å finne meir i sommar. (©NPK)