Det er alvorleg når klimaendringane allereie er i ferd med å øydeleggja livsgrunnlaget for millionar av menneske, og når dette aukar risikoen for konflikt og at folk må flykte frå krig og svolt. Vi har eit stort ansvar både nasjonalt og lokalt for å gjera alt for å redusere utsleppet av klimagassar. På nasjonalt plan var det veldig bra og eit sterkt internasjonalt signal at Stortinget vedtok å trekke oljefondet ut av internasjonal kolindustri. Det var samtidig ein stor skuffelse og uttrykk for dobbeltmoral at alle partia bortsett frå SV røysta for å bruke 500 millionar på å berge kolgruvene på Svalbard. Desse 500 millionane kunne ha vore brukte til omstilling vekk frå kolgruver på Svalbard, men det einaste klåre kravet som er stilt til omstilling er at gruvene skal freista å gå over til å selje kol til industriformål i staden for til kraftverk.

Lokalt må vi gjera det betre enn dette, og ta ansvar for å redusere utsleppet av klimagass i den daglege politikken. For Orkdal vil spørsmålet om å etablere ei regionhamn på Grønøra bli ein av dei store testane på klimapolitikken lokalt. Det er ei nasjonal målsetting å få gods over på bane og båt for å redusere utsleppet av klimagass, men på Grønøra vil det aldri kunne koma jernbane, og aldri mogleg med direkte omlasting mellom bane og båt – alt godset må på veg. Plasseringa på Grønøra blir dermed eit effektivt hinder for å kunne å utvikle framtidas klimavennlege godstransport, og gir i tillegg spesielt lang transport på veg til Trondheim, med stort utslepp av klimagass. I tillegg til dei store naturinngrepa og belastinga frå auka støy, støv og trafikk for nedre del av kommunen, er dette årsakene til at SV vil arbeide vidare for å plassere regionhamna på Trolla i Trondheim eller ved Litjsand - Storsand, nord for Thamshavn.

Mads Løkeland

Listekandidat Orkdal SV