Naturvernforbundet i Orklaregionen har i ST utfordra partia om lokal klimapolitikk. Sjølv om klimagassutslepp nødvendigvis skjer i kommunane, er det likevel avgrensa kor stor del av utsleppa lokalpolitikarane rår over. Derfor er det viktig å peike på Venstre sin overordna politikk for grøn vekst og klimanøytral økonomi (søk «Venstres vei til grønn vekst» på nett).

Naturvernforbundet fokuserer mykje på utslepp frå vegtrafikk og konsekvensane av hamneutbygginga. Det er ikkje vanskeleg å støtte Naturvernforbundet i alle vurderingar rundt fordelane med ei løysing i Trolla, og klima- og trafikkulempene for Orkdal. For underteikna var vedtaket om hamneutbygging på Grønøra det største politiske nederlaget denne perioden. Thamshamn Nord ville vore ei mykje betre løysing, og det er vanskeleg å forstå korfor Fylkesmannen trakk innsigelsen og fann informasjonen om Thamshamn Nord god nok. Men det skjedde, og det var klart at kommunestyrefleirtalet ville gå for utbygging på Grønøra. Da var det viktigare å kjempe for miljøkrav til utbygginga og kompensasjon for øydeleggingane i Orkladeltaet, enn å stemme eit «symbolsk» nei til utbygging. Venstre vil ha «grøn hamn» der båtane koblar seg på strøm. Og vi har ikkje gitt opp håpet om at E39 skal krysse dalen i nord, mest mogleg under bakken – det vil også gi minst utslepp frå hamnetrafikken.

Framtidas bilar på strøm og hydrogen vil også gi støy og krevje tilrettelegging. Derfor må vi framleis satse kollektivt: Venstre vil ha «bytakst» i Orkdal (det kostar kr.66 frå Svorkmo til Orkanger!) slik at buss også blir reelt transportalternativ til fritidsaktivitetar, og vi vil reise gratis med barn i helgene. Vi vil ha nok P-plassar ved kollektivknutepunkt, og ringbuss Orkanger-Gjølme-Fannrem. Og Venstre vil forsette sitt mangeårige arbeid for gang-, sykkelvegar og trafikksikkerheit. Større bustadbyggingsprosjekt bør skje langs kollektivårene. Venstre var ein svært aktiv pådrivar for Orkdals klima- og energiplan, og vil prioritere oppfølging og vidare utvikling av denne. Energieffektivisering, miljøvennlege løysingar og bruk av massivtre i bygg er satsingsområde. Vi vil ha betre kartlegging og vern av viktige naturområde i Orkdal, og vere restriktive mot vegbygging og inngrep i utmarka – på dette området er det faktisk forskjell mellom partia i Orkdal!

Lavrans Skuterud,

Orkdal Venstre