Søvnlaus på folkehøgskule

Søvnlaus på folkehøgskule

Boktittel: Det er natt, det er kaldt og jeg sover ikke

Forfatter: Hilde Hylleskaar

Forlag: Gyldendal

Årstall: 2017

Antall sider: 200

Det er natt, det er kaldt og jeg sover ikke er ei nær og truverdig skildring av sorgarbeid, som likevel aldri lukkast heilt i å engasjere.

Gabriella har flytta heimanfrå for å gå på folkehøgskule, men slit med å få sove om nettene. Stemma til barndomskameraten Mathias, som døydde eit halvt år tidlegare, forfølgjer ho både i sovande og i vaken tilstand, og hindrar ho i å sleppe folk innpå seg. Kvardagen på barne- og ungdomslinja, med soving i timane, nye venskap og gryande forelsking, blandar seg med prosessen med å kome til botns i kva som eigentleg hendte med Mathias, og kva som er, og ikkje er, Gabriella si skuld.

Sorgarbeid

Det er natt, det er kaldt og jeg sover ikke er den tredje ungdomsboka til Hilde Hylleskaar. For den førre boka si, den psykologiske ungdomsromanen Det er her jeg skal være, blei ho nominert til Uprisen i 2014. Også Det er natt, det er kaldt og jeg sover ikke er ein psykologisk roman, som teiknar opp eit nært portrett av ein ungdom i sorg. På truverdig vis følgjer Hylleskaar hovudpersonen gjennom prosessen mot forsoning med å miste ein nær ven, og med å sleppe taket i skuldkjensla ho ber på. Romanen er full av kloke refleksjonar rundt tap og sorgarbeid, likevel lukkast ikkje handlinga heilt i å engasjere.

Folkehøgskulekvardag

Det er natt, det er kaldt og jeg sover ikke vekslar mellom eit notidsplan der kvardagen på folkehøgskulen står i sentrum, og retrospektive glimt attende til venskapen mellom Gabriella og Mathias. Historia til Mathias blir gradvis rulla opp, både gjennom Gabriella sin indre dialog med Mathias, skriven i kursiv, og gjennom samtalar med psykologen Hannah og lærarinna Antonie.

Det er eit originalt val å plassere handlinga i ein folkehøgskulekontekst, men Hylleskaar nyttar seg lite av potensialet som ligg i dette miljøet. Venskapa til Gabriella er overflatiske og flyktige, og hendingane som blir skildra utover måltida og vaskerutinane – ei simulering av ei flyulykke, ein tur på teater, ein helgetur til foreldra til Pernille – kjem brått inn i forteljinga utan å bli særleg følgt opp.

Hylleskaar legg ut mange trådar i handlinga, men få av dei blir henta opp att: Gabriella får bøker ho aldri opnar, flørtar med medelevar som deretter forsvinn ut av historia, og gler seg til praksisveker som lesaren ikkje får ta del i anna enn som ei attforteljing i eit dagboksnotat.

Eit unnatak finst det likevel her, og det er relasjonen med Snorre, som Gabriella har prøvd å halde seg unna fordi han liknar på Mathias. Gabriella blir trekt mot Snorre, men er redd for å sleppe han for tett innpå seg, og Hylleskaar skildrar vart og fint korleis dei to langsamt nærmar seg kvarandre, mens ein sjalu medstudent lurer i bakgrunnen.

Unge karakterar, vaksne refleksjonar

Det er først og fremst vaksenkarakterane Gabriella opnar seg for, men også ungdomane ho omgir seg med er utstyrte med komplekse bakgrunnar – systrer med Downs syndrom, mødrer med depresjonar. Fleire av ungdomane snakkar og reflekterer i et påfallande vaksent språk, som venninna Pernille om helgeturen til foreldra: «Gabriella, vet du hva, det er enormt godt at du er her» eller Snorre om ein ungdomskjærast: «For Thea var utvilsomt svært ulykkelig».

Samstundes er språkføringa til forteljarstemma ofte generell og upresis, som i bruken av adjektivet «spesiell», som blir gjentatt i ei rekke ulike samanhengar, både i positiv og negativ tyding: «[Ola] er spesiell, og går alltid med skinnjakke», «Hannah får et litt spesielt blikk». Andre stadar er språkføringa prega av unødvendige overpresiseringar: «De holdt på å male, og vannet i det store glasset var blitt grått, akkurat slik vann blir når det blir skittent».

Melankoli og tung symbolikk

Det meste av plassen i romanen er likevel via til minne og refleksjonar rundt relasjonen til Mathias. Den insisterande stemma hans forfølgjer Gabriella gjennom romanen, og uvissa knytt til dødsfallet hans fungerer som eit underliggande mysterium som driv handlinga framover. Var det sjølvmord eller ei ulykke den dagen han drukna i elva?

Gjennom timane hos psykologen får vi presentert brotstykke av historia til Mathias: frå smilet første skuledag, via sorgfulle ungdomsår til ein episode der Mathias dukkar opp for å tilby Gabriella hasj, og Gabriella kjenner seg tvungen til å trekkje seg unna han.

Både den indre dialogen med Mathias og refleksjonane knytt til han er fulle av kjensler og tung symbolikk. Mathias kler av og på dokker, fortel om ein russisk familie han frykta ville fryse i hel, og lengtar etter varme ullteppe. Det er mykje melankoli i stemma til Mathias, og iblant vippar det over i det klisjéfulle og sentimentale: «Det var helt hvitt, Gabriella. Den første snøen hadde nettopp falt. (…) Visste du at de er krystaller, med ulike mønster som likner stjerner? Som om det var glitter fra himmelen».

Utan eit svar

Noko svar på kva som eigentleg hendte med Mathias, eller korleis episoden med hasjen enda, får vi ikkje. Skuldkjensla til Gabriella og den symbiotiske relasjonen mellom ho og Mathias får likevel ei mogleg forklaring i ein felles forelder: Mathias’ valdelege stefar er eigentleg den biologiske faren til Gabriella. For meg som lesar forklarer dette lite. Vendinga kjennest konstruert, som ei enkel løysing på eit stort og komplekst problem.

«Jeg visste ikkje at det hjalp så mye bare å fortelle om det,» konkluderer Gabriella mot slutten av romanen. Sjølv blir eg sitjande att med kjensla av at det manglar nokre bitar i historia om Gabriella og Mathias, og at det er noko uforløyst i den tredje ungdomsromanen til Hilde Hylleskaar.

Ingrid Senje

Født 1987. Bosatt i Milano. Master i nordisk litteratur fra Universitetet i Oslo. Årsstudium i skapande skriving ved Skrivekunstakademiet i Hordaland og nettstudium i samtidslitteratur for barn og unge ved Norsk barnebokinstitutt. Frilans anmelder, språkvasker og manuskonsulent.