Stengjer Sotrabrua og Askøybrua under sykkel-VM

– Når vegen er stengd, må folk berre retta seg etter det.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel

For folket i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy er bruene som knyter kystkommunane til fastlandet ei livsnerve. Som gjerne vert brukt dagleg. Men under sykkel-VM i september vert Askøybrua og Sotrabrua stengde.

– Det er nødvendig for å arrangera VM på sykkel. Når vegen er stengd, må folk berre retta seg etter det, seier Torjus Larsen, sportsdirektør for VM i Bergen, Fjell, Askøy og Øygarden.

Når Chris Froome, Alberto Contador, Alexander Kristoff og dei andre superstjernene syner seg fram under verdsmeisterskapen, er det ikkje mogeleg å ha bilar som køyrer slalåm rundt syklistane. Som i alle andre store sykkelritt må vegane stengjast.

– Men for naudetatane vil vegane vera opne heile tida. Då stoppar me syklistane om det trengst for å sleppa forbi til dømes brann- og sjukebil, seier Larsen.

Les også

Brann åpner for å hente amatører

Diskuterer målgang

Sotrabrua vert stengd den siste helga sykkel-VM går føre seg, altså laurdag 23. september og søndag 24. september. Det er to ritt som skal starta på Rong i Øygarden, gå over halve Sotra og så over Sotrabrua til Bergen. Det er fellesstarten for junior, menn laurdagen, og sjølve høgdepunktet under heile VM; fellesstarten for menn sundagen.

Her er detaljane rundt stenginga:

  • Laurdag 23. september: Sotrabrua vert stengd frå 8 – 10.30.
  • Søndag 24. september: Sotrabrua vert stengd frå 9 – 11.30.
  • Stenginga gjeld også heile traséen frå Rong, over Sotra, gjennom Kolltveittunnelen, forbi Sartor og fram til Sotrabrua.
RONG TIL BERGEN: Fellesstarten for menn og junior menn skal syklast frå Rong til Bergen.

– Me må stengja ein times tid før ritta startar fordi det må køyra ein bil gjennom løypa i forkant for å sjekka at absolutt alt er OK før syklistane kjem. Då treng me litt tid på oss for å eventuelt ordna opp i ting, seier Larsen.

Desse tidspunkta kan verta framskunda noko, men det er førebels desse som gjeld. Det går nemleg føre seg ei forhandling mellom det internasjonale sykkelforbundet (UCI) på den eine sida og TV 2/politiet på den andre.

– UCI ønskjer tidlegare målgang på grunn av nokre TV-rettar i Italia og Frankrike. Men det er berre fem månader til, og for politiet og kollektivtrafikken er ikkje det lang tid når ein skal gjera om på planane, seier Larsen.

Les også

Syv enkle tips for å gjøre det bedre i neste Bergen City Marathon

Lang stenging

Askøybrua vert også stengd i to dagar. Det er berre eitt ritt som har start på Ravnanger på Askøy – lagtempoen søndag 17. september – men også dagen før vert brua stengd. Då er det det offisiell trening.

Her er detaljane rundt stenginga:

  • Laurdag 16. september: Askøybrua vert stengd frå 9 – 12.30.
  • Søndag 17. september: Askøybrua vert stengd frå 10 – 18.
  • Stenginga gjeld også heile traséen frå Ravnanger, over Steinrusten, forbi Erdal, Florvåg og Kleppestø fram til Askøybrua.
ASKØYBRUA:

Askøybrua er stengd mykje lenger enn Sotrabrua fordi syklistane syklar eitt og eitt lag med intervallstart når det er lagtempo. I motsetning til fellesstart når alle kjem meir eller mindre på ein gong.

LAGTEMPO: Slik er traseen for lagtempoen frå Ravnanger på Askøy til Bergen.

Til gjengjeld har askøyværingane tilgang på rutebåt frå Kleppestø, noko som ikkje er eit alternativ frå Sotra. Det vert ekstra båtavgangar denne helga.

– Folk som til dømes skal nå eit fly kan ta båten til sentrum og så Bybanen vidare til Flesland, seier Larsen.

Ikkje lov til å parkera langs vegen

I dei stengde tidsromma er det ikkje mogeleg å køyra bil på bruene eller i traseen elles. Folk som skal rekkja noko viktig må derfor planleggja ut ifrå det. Og dei som ønskjer å vera publikum langs løypa må også vera på plass i god tid.

– Folk må planleggja godt. Er det bryllaup og dåp ein skal nå, så må ein ta omsyn til at vegen er stengd, seier Larsen.

Ein håpar på mykje publikum langs vegen, men det er i utgangspunktet ikkje lov til å parkera langs riksvegen.

– Dette vert opp til politiet å handheva. Rådet til tilskodarane er at dei må vera tidleg ute, seier Larsen.

Publisert: