Knivskarp suksess

– Dette er eit rotehus, ei maurtue, eit levande museum, seier Torodd Helle. Helle knivfabrikk har snudd dårlege tider til internasjonal suksess.

PRESISJON: Roger Løvik driv med sluttpussing av skaft og blad. Det er ein krevjande operasjon. Mansjettane som hjelper til med å halda armane i posisjon, er ein lokal patent.
Publisert: Publisert:

Bang! Eit digert smell får det slitne, gamle betongbygget i fjøresteinane i Holmedal i Askvoll til å dirra. Så kjem eit nytt og endå eit. Ein gong var lyden av den enorme hammaren i kjellaren eintydig med at det kom pengar i lønningsposen denne månaden òg.

I dag er hammaren symbolet på ei verksemd som har klart seg gjennom krevjande tider og no står fjellstøtt, ikkje berre som stolt hjørnesteinsbedrift, men også som lysande namn ute i den store verda.

Her er ingen prangande skilt som vitnar om internasjonal braksuksess i USA, Canada, Tyskland og Sør-Afrika, men ei grå inngangsdør gøymd bakom eit hjørne. Ingen glansa resepsjon innanfor, men montrar med knivar som røper at vi truleg er komne rett. Framleis ingenting som vitnar om at dette er ei eksportbedrift som ikkje berre leverer etterspurd handverk, men også oppsiktsvekkjande økonomiske resultat.

SJELA PÅ INNSIDA: På Helle knivfabrikk er dei ikkje opptekne av fasade.

I fjor omsette Helle Knivfabrikk for 21 millionar kroner, og gjekk med 3,5 millionar i pluss; det beste resultatet nokosinne for den 85 år gamle knivfabrikken. Men administrerande direktør Torodd Helle gjer det klinkande klart at det ikkje er aktuelt å tukle med sjela, med Reodor Felgen-løysingane, med den lokale koloritten og det litt loslite preget som har bidrege til å gje knivfabrikken ved Dalsfjorden karakter.

– Dette er eit rotehus, ei maurtue, eit levande museum, og det skal det framleis vera, seier Helle.

FRÅ STÅL TIL KNIV: Ei stødig hand er nødvendig når stålet skal slipast til ein kniv som bit. Jan Kåre Ravnøy i aksjon.

Han er identisk med den Torodd Helle somme vil kjenna som Sogndal-spelar. I 1968 reiste den då 16 år gamle guten den kronglete vegen til saftbygda for å gå på gymnas, men aller mest for å bryna fotballtalentet sitt. I 1969 kom bestekompisen Svein Bakke etter.

Åra som følgde, vart eit eventyr for dei begge. Heile den uverkelege Sogndal-oppturen fekk dei to holmedølene med seg. Frå dampskipskaia utanfor fabrikken har Torodd Helle fritt utsyn til det som var Svein Bakke sitt ankerfeste til heimplassen, den raudmåla hytta ved Dalsfjorden.

– Han var ein bauta, seier Helle.

ARV: Torodd Helle har vore sjef på knivfabrikken sidan 2006. Av fire sjefar gjennom 85 år, har tre vore av Helle-slekta. Torodd er sonen til Sigmund, den yngste av dei to brørne som starta med knivproduksjon i Holmedal.

På sitt vis både var og er han det same. Ein dedikert og inderleg leiar gjennom skiftande tider. Med sterkt medfødd konkurranseinstinkt, kombinert med formell kompetanse frå NHH i Bergen. Men først og fremst med kjærleik og blodsband til ei verksemd som har vore ein del av han heile livet. Støvete leikeplass gjennom oppveksten. Ein til tider tung arv i vaksen alder. Hopehavet mellom mannen, fabrikken og opphavsmennene som stod bak, gjer det vanskeleg å skilja sjelsliv frå arbeidsliv, helg frå kvardag.

Han vart fødd inn i det, og han vedgår at han av og til kan finna på å tenkja at han skulle ønskja han ikkje var det.

– Samstundes er eg med på noko som gagnar mange andre. Eg kjenner stor ærefrykt for det som har vore før. Det er på ein måte eit ikon vi har fått å forvalte, seier direktøren.

I SMIA: Den svære hammaren (til høgre på biletet) i kjellaren er frå 50-talet, men durar og går framleis, no styrt av moderne programvare. Johnny Vadøy er smed, som far hans før han.

Det var Torodds far, Sigmund Helle (fødd i 1910) og Sigmunds bror, Steinar (1904), som først tok til å laga knivar i Holmedal. Med utgangspunkt i smia heime på garden, produserte dei knivar som fort vart svært populære på heimemarknaden. Snart var det behov for å finna nye marknader. Då var ikkje eldstemann Steinar snauare enn at han fylte ryggsekken med knivar, sette seg på sykkelen og sykla til Oslo. Der selde han knivane for 40 øre stykket.

Snøballen hadde teke til å rulla.

Det canadiske flagget, med det velkjende raude lønnebladet på, blenkjer attmed det norske på eit emaljemerke på brystet til Torodd Helle. Helle knivfabrikk er stor i Canada. Og i USA. Til dels i Russland òg, før sanksjonane. Og i Tyskland og deler av Afrika. I 25–30 land på mest alle kontinent blir det seld knivar frå Holmedal. Sjefen sjølv reiser verda rundt på messer og marknadsfører eit produkt som har fått noko av ein kultstatus der ute blant knivnerdane.

For å eiga ein kniv er det same som å eiga kontrollen over eige liv. Mennesket er ikkje ein meir avansert skapning enn at vi framleis har denne instinktive kontakten med sjølvbergaren, jegeren og sankaren i oss. Kniven har vore grunnleggjande for vår evne til å overleva. I Helle-kniven finst fjord og fjell, kratt og steinrøys, strev og smerte. Og vikingblod.

VARMT STÅL: Over 1000 grader held stålet når det blir forma til kniv.

Han blir dessutan laga av menneskehand, og kan slik sjåast på som eit lite kunstverk. I Holmedal er så lite av knivmakarkunsten automatisert at kvar einskild kniv er eit lite unikum, så å seie berande på sitt eige DNA.

– Og alt dette, denne auraen, denne mystikken, skal vi ta vare på. Det er vi nøydde til, det er ein del av identiteten vår, seier Helle.

Kontordelen i betongbygget i strandkanten tek ikkje opp unødig plass. Direktørkontoret er brunt, passe kaotisk og alt anna enn prangande. Torodd Helle er den einaste på heile huset som ikkje deltek i sjølve produksjonen. Dei rundt 20 tilsette elles er til dels spesialiserte medarbeidarar innanfor sine område. Men her er òg tusenkunstnarar som finn kreative løysingar på kvart einaste lite problem som måtte oppstå.

Mykje av maskinparken i produksjonslokala vart henta i Tyskland etter krigen. Som krigsbytte. Dei durar og går framleis. Nokre av dei er på underfundig vis blitt knytte til avansert programvare og står fram jamvel som moderne. Rundt om i lokala tuslar det folk som ber med seg i ryggmergen denne nedarva tradisjonen som ei slik verksemd alltid har vore avhengig av. Auge for løysingar, talent for improvisasjon, mot til å prøva nytt.

FIKSAR DET MESTE: Håkon Kusslid (til v.) er knivfabrikkens reparatør og Petter Smart. Leon Grane har hovudansvaret for polermaskina.

Særleg lukrativ har knivproduksjonen i Holmedal aldri vore, og gründerfamilien og bedriftseigarane har korkje hatt høve til eller interesse av å leggja seg opp store formuar. Dei er nøkterne, jordnære folk som har god kontakt med «golvet» og nyt stor respekt i bygda.

– Vi har eigentleg aldri hatt pengar, men vi har ein veldig vilje til å overleve og god trening i det, seier Helle.

HALVFERDIG: På geledd står knivemna, klare til å bli forma og slipt, slik at dei ligg godt i neven. Skaftet består av russisk masurbjørk og horn frå reinsdyr. Sjølvfelte horn.

Rundt 1970 var verksemda på sitt største og mest hektiske, med kring 140 tilsette fordelte på to ulike fabrikkar. Den gongen var hovudproduktet bestikk. Framleis lagar Helle bestikk, men no i mindre omfang enn før. Av om lag 70.000 einingar som blir pakka og seld årleg, er 10.000 bestikk. Resten er knivar berekna på utandørssegmentet, eller outdoors, som Torodd Helle oftast formulerer det.

For sjølv om Noreg framleis er den største marknaden, er det ute den upløgde marka ligg.

– Vi må ut og vise ansikt, seier Helle, nett heimkomen frå Sør-Afrika.

På kontorpulten ligg ei handfull knivar på rekkje. Nokre gamle travarar frå sortimentet, andre nyutvikla prototypar på modellar som kanskje kjem til å bli sett i produksjon. Designavdelinga er like lite straumlinjeforma som resten av firmaet. Det kan vera ein gammal formann eller ein tilfeldig tilsett som kjem opp med ein idé. Det er ikkje klima for jåleri i Holmedal.

IMPORT-BJØRK: Russisk masurbjørk ligg til tørk under tak utanfor. Harry Holmedal kuttar bjørka i passande emne som til slutt skal bli til vakkert marmorerte skaft. Russiske bjørk gir dei finaste skafta.

Solgangsbrisen har teke tak i Dalsfjorden. Bakkane tek til å grønast, små lam hoppar keitete rundt på bøane. Bakom reiser fjella seg til 800–900 meter. Det er postkortaktig vakkert, nasjonalromantisk innbydande som berre ein maidag i fjordriket kan vera. Det er dette dei får oppleva, dette biletet dei får servert, forhandlarane som kjem til Holmedal for å tinga knivar.

– Når vi tek dei med på båttur og tøffar utover til Bulandet, opplever vi at dei blir heilt mållause. Slik er det på sett og vis ikkje berre knivar vi sel, men draumen om ein livsstil, seier Helle.

GJENBRUK: Audun Erikstad har arbeidd ved Helle knivfabrikk sidan 1973. Her viser han den gamle whiskytønna, der mange knivskaft om gangen blir romla saman med filler dynka i olje. Torodd Helle til venstre.

Industriverksemda i Holmedal oppstod ikkje isolert og lausrive, men som del av ei ganske omfattande industrireising som gjennom åra har funne stad på begge sider av Dalsfjorden. Her har det vore teglverk og skofabrikk med 250 tilsette på det meste. På Straumsnes, tvers over fjorden frå Holmedal, låg Åsnes skifabrikk. På det meste hadde dei 70 tilsette.

Gründermotet har vore like ibuande som saltet i fjorden, og på lokal entusiasme vaks verksemdene seg store og livskraftige. For Helle knivfabrikk såg det likevel heller mørkt ut då Torodd Helle overtok ansvaret i 2006. Pilene peikte nedover, firmaet var gjeldstynga. På toppen kom finanskrisa, og snart vart det nødvendig å ty til permitteringar.

Det var like før dørene måtte stengjast for godt.

KUHUD: Ei slire blir til. Hud av ku er råmaterialet.

Frelsa kom frå Sverige. Anders Haglund heiter mannen som snudde pessimisme til optimisme ved hjelp av smarte marknadsføringsgrep. Haglund såg at her låg det ei heil historie og ei produksjonslinje som det kunne ausast frå, og som kunne brukast for alt det var verd. Det rufsete, maurtueaktig kaotiske, det rotekte lidenskapelege, kombinert med naturen og nærleiken til elementa. Alt dette var kort som det var råd å spela med.

– Eg kallar meg sjølv ein produksjonsromantikar. Då eg kom til fabrikken i Holmedal, såg eg verdiar som dei sjølve ikkje kommuniserte. Eg såg detaljane i handverket, eg såg menneska bak. Helle-knivar blir laga av menneske som dagleg er nær naturen. Det var ikkje nødvendig å konstruera eit image eller eit bilete. Biletet er der, og alt det formidlar er med å forsterke produktet, seier Haglund på telefon frå Sverige.

NYE KRAV: Arbeidsstokken er rutinert og kan sitt fag. Dei har lært det av andre. Som Marit Seterdal, ein svært røynd og allsidig tilsett.

Samarbeidet bar frukter. Sakte, men sikkert vart Helle knivfabrikk butikk, ikkje gjennom djupe strukturelle eller produksjonstekniske endringar, ikkje gjennom rasjonalisering, men ved å vera seg sjølv.

Svensken frå Eskilstuna utanfor Stockholm såg mykje av det same som vi ser i dag. Han kom til ei verksemd som var original i vid forstand, men Helle knivfabrikk trengde eit utanforståande blikk for å forstå og dra nytte av individualiteten.

– Helle leverer ein tradisjon, ei kjensle, ei historie. Verksemda har nokre mannskapsmessige utfordringar og eit generasjonsskifte dei skal gjennom. Lukkast dei med det, er det ingen grunn til at dei ikkje kan leva i nye 85 år, seier Anders Haglund.

«Mr. Helle himself» hugsar Sogndal-tida og parolen frå den gongen.

– Skal vi få til noko, må vi ta i. Og slik er det her også, seier Helle.

– Målet er ikkje at vi skal bli store, men vi skal bli lønsame. Vi trur vi kan auke med 30 prosent og nå 30 millionar i omsetnad, utan at det kostar oss identiteten vår. For vi må halda fram med å vera oss sjølve. Eg trur vi tener på det.

Publisert: