Retorikk og praksis

Kva er overraskinga Erna Solberg? Er det det at AP set dei rette orda på den politikken du og regjeringa di fører?

MERKELIG: Det merkeleg med denne regjeringa er ikkje at dei fører høgrepolitikk, men at dei ikkje kan vedstå seg sin eigen politikk, skriv Toril Mongstad.
  • Toril Mongstad
    Lindås
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I dagsavisene våre tysdag 25. april, les eg at statsministeren vår reagerer på Støre som skal ha skulda høgresida for å ønskja økonomiske skilnader mellom folk. Erna Solberg seier følgjande: «det er veldig sjelden at vi i norsk politikk tillegger folk motiver de ikke har», og ho er vidare overraska over at AP gjer det.

Kva er overraskinga Erna Solberg? Er det det at AP set dei rette orda på den politikken du og regjeringa di fører? Eller er det overraskande at AP og mange fleire med dei, faktisk ser og opplever at resultata av høgrepolitikken nettopp skapar økonomisk – og dermed også sosiale – skilnader?

Samstundes uttrykkjer LO sin sjeføkonom, Roger Bjørnstad, uro over at «stadig mindre av potten går til lønn». Han seier vidare følgjande: Det er sånn i Norge, som det er i EU og USA, at arbeidstakerne får en stadig mindre andel av inntektene som skapes. Motstykket til dette er at kapitaleierne har fått tilsvarende mer.

Sjeføkonom i NHO, Øystein Dørum, meiner at dette er eit rett bilete, og sjølv om han har nokre tilføyingar, slår også han fast at det er rett at dei økonomiske skilnadene aukar.

Les også

Hvem «tror mest på Norge»?

Dette er resultatet av ein villa politikk, nemleg den som den sitjande regjeringa fører. Norge har aldri hatt ei regjering så langt til høgre, og me får no smaka resultata av denne politikken: Meir til dei som har mest, titals milliardar i skattelette til dei som har millionar og milliardar frå før, kutt i velferdstilbod, utprega privatisering av velferdstenester der store delar av skattepengane går direkte i eigarane si lomme i form av profitt. Og det på kostnad av arbeidsfolk sine løns- og pensjonsrettar. Ein politikk som spring ut frå tanken om absolutt frie marknadskrefter, av ideologi og av nettopp dei motiva Solberg er overraska over å verta tillagt.

Det merkeleg med denne regjeringa er ikkje at dei fører høgrepolitikk, men at dei ikkje kan vedstå seg sin eigen politikk, og at dei prøver å føra veljarane bak lyset ved å presentera ein retorikk som ikkje på nokon måte speglar realitetane av måten dei regjerer på.

Det nærmar seg val. Det kjem til å koma meir av same retorikk, som har eit hovudmål, nemleg å dekka over kva som skjer i samfunnet under mørkeblå styring.

Eg har eit utklipp frå Bergens Tidende frå september 2016, ein av desse små kommentarane på side 2 og 3 i avisa. Der seier statsministeren følgjande: det er lett å vere for kutt i offentlege verferdsordninger, så lenge man ikkje har problemer i livet sitt.

Endeleg eit ærleg utsegn, kunne eg be om å få fleire av same slaget?

Publisert: