Byens og landets eldste historie

Det er med ei viss uro vi blir kjend med sakshandsaminga som ligg til grunn for bybanetraséen via Fløen og Haukeland til Fyllingsdalen.

FLØEN: Trasevalg for Bybanen via Fløen og Haukeland til Fyllingsdalen skaper debatt. Her fra Årstadgeilen med sine bevaringsverdige steinmurer bygd rund 1920-tallet.
  • Nils Georg Brekke
    Tidlegare fylkeskonservator og professor ved Bergen Arkitekthøgskole
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Den gamle kongsgardens grunn på Alrekstad, dagens Årstad, med Årstadgeilen og den bratte lia frå kongsgarden og ned til fjorden, representerer ikkje berre byens eldste historie, før kongsgarden vart flytta til Holmen, men dette området er også ein viktig del av landets historie frå rikssamlinga på slutten av 800-talet.

Dei historiske kjeldene fortel at Harald Hårfagre hadde fem sentrale gardar i sitt vestrike: Utstein, Avaldsnes, Fitjar, Alrekstad og Seim. Avaldsnes, der det har vore store utgravingar i den siste tiårsperioden, er den kongsgarden som er best dokumentert. Utstein ligg også i ein relativt opphavleg landskapssituasjon, medan Fitjar og Seim er sterkt endra i vår nære fortid. Det same kan seiast om Alrekstad, der slepphendt utbygging og manglande kunnskapar har ført til at området der den gamle kongsgarden låg på 800-talet – og før det truleg ein hovdinggard i overgangen frå eldre til yngre jernalder – er heilt ombygt i dag, utan synlege spor etter historia.

Av den grunn er sjølvsagt det gamle vegfaret, Årstadgeilen, frå kongsgarden og ned til den inste vågen av mellomalderens Bodafjordr (fjorden med båar og skjer; eit namn som i vår tid er blitt forvanska til Puddefjorden) – av stor interesse og historisk verdi. Men på grunn av manglande arkeologiske undersøkingar i heile dette området veit vi i dag ikkje kva busetnadsspor som ligg i kulturlaga, og vi veit ikkje heilt nøyaktig kvar det gamle vegfaret frå kongsgarden til fjorden gjekk. Det kan like gjerne ha gått litt lengre mot søraust i Fløen.

Les også

Fløen er riktig valg

Intensjonen i vår fredingspolitikk er å sikra nasjonale historiske verdiar på eit overordna nivå i høve til byutvikling, vegbygging og offentlege og private utbyggjarar. Utgravingane i Gamlebyen i Oslo, utgravingane av det store busetnadsområdet på Forsandmoen i Rogaland, med spor etter 250 bygningar gjennom ein periode på 2000 år, og ikkje minst dei omfattande utgravingane på Bryggen i Bergen, har gitt oss kunnskapar vi ikkje hadde tidlegare, og dette har føyd nye blad til vår nasjonale historie.

Det er i dette perspektivet vi må sjå landskapet frå Årstadvollen, med Årstadgeilen og Fløen, som eit område av største interesse for byens og landets historie. Dette området har fram til i dag vore rekna som automatisk freda etter kulturminnelova. Her må Riksantikvaren som kulturminnestyresmakt stilla krav om arkeologiske undersøkingar av heile området før ein kan treffa endelege vedtak om utbygging og traséval.

Det er utarbeidd ein rapport av ei lokal interessegruppe, om å nytta Kronstadtunnelen som trasé for Bybanen, med tilhøyrande trafikksystem for tilknyting til Haukeland. Dette alternativet er eit interessant framlegg som kan løysa problematikken med traséframføring utan å gripa inn i Årstadgeilen eller Fløen. Dette er tilsynelatande blitt avvist ut frå faglege vurderingar, men for dei av oss som ikkje har tilgang til alle rapportar og saksutgreiingar er det ikkje utan vidare klart kva som er grunnane til at Kronstadalternativet ikkje er aktuelt.

Er det andre omsyn her – byutvikling, godstransport eller tekniske spørsmål – som veg tyngre enn den historiske landskapssituasjonen som enno kan oppfattast, trass i alle inngrep på 1900-talet, frå Årstadvollen og ned til fjorden? Desse vurderingane må den rette etaten kunna gjera nøye greie for, før Bergen kommune gjer vedtak. Også her handlar det om eit blad i vår historie.

Publisert: