Eleven i førarsetet

NHO diggar at skuleelevar tek aktivt del i eigen læreprosess. Kvifor gjer ikkje lærarane det?

AKTIV ENDRING: Den tradisjonelle skulekulturen gir mykje kontroll til lærarane. Det er enklare og tryggare å la ting skure og gå slik dei alltid har gjort i staden for å gå inn i ein aktiv endringsprosess, skriv innsendar.
  • Hege Mari Lassemo Støfring (28)
    Hege Mari Lassemo Støfring (28)
    Lærarstudent, Høgskulen på Vestlandet, Bergen
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av BTs debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Regjeringa har lenge hatt fokus på pedagogisk entreprenørskap som læringsstrategi i skulen. Det synest mellom anna gjennom satsingar som Strategiplan for entreprenørskap i utdanninga (2004–2008) og lanseringa av nettstaden pedent.no i 2014. Dei skulle spreie informasjon om pedagogisk entreprenørskap. Likevel blir metoden for lite brukt i norsk skule, og lærarar ønskjer heller ikkje ta metoden i bruk.

Pedagogisk entreprenørskap er ein metode der elevane skal overføre ein idé til praktisk aktivitet, og gjerne eit endeleg produkt. Metoden utviklar sosiale og personlege eigenskapar hjå eleven i tillegg til kunnskap og ferdigheiter innan emnet, og stimulerer til kreativitet, nyskaping og samarbeid. Kompetanse i entreprenørskap er særs relevant for arbeidsmarknaden i dag og i framtida, der desse eigenskapane vektleggjast i stadig større grad.

Kunnskapsløftets mantra om elevmedverknad og elevaktiv læring vert godt teke i vare gjennom arbeid med pedagogisk entreprenørskap, det same gjeld samarbeid med lokalsamfunnet og tverrfaglegheit. Metoden er i seg sjølv differensierande, då elevane skal skape noko med bakgrunn i kva dei har med seg frå før. Det gir mogelegheiter for både djupnelæring og tilpassa opplæring. Dette er altså kort fortalt ei gåvepakke til kvar ein pedagog, og burde bli teken imot med eit «Halleluja!» og stor takk. Eller?

I ein artikkel i utdanningsnytt skriv to lærarstudentar på masternivå og ein førstelektor at dei har funnet at lærarane er negative til pedagogisk entreprenørskap, og at dei ikkje er interessert i å nytte det i undervisinga. Den tradisjonelle skulekulturen der læraren lagar oppgåver og elevane løyser dei, er framleis dominerande. Problemet er at denne måten å undervise på gjerne fører til overflatelæring, lite sjølvstende, lite kritisk tenking og lite elevmedverknad. Så kvifor gjer vi det framleis slik?

Pedagogisk entreprenørskap produserer nytenkjande, entreprenørielle, engasjerte menneske med risikovilje, som vågar å tenkje nytt. NHO diggar det, men er det verkeleg skulen si oppgåve å pumpe ut entreprenørar til næringslivet? Svaret er eit tydeleg ja, basert på formålsparagrafen til opplæringslova. Skulen skal syte for at elevane får «utvikle kunnskap, dugleik og haldningar for å kunne meistre liva sine, og for å kunne delta i arbeid og fellesskap i samfunnet. Dei skal få utfalde skaparglede, engasjement og utforskartrong».

Vidare blir dette konkretisert i den generelle delen av kunnskapsløftet, der «det skapande mennesket» trekkjast fram som eit av danningsmåla for opplæringa. Gjennom erfaringslæring, utprøving av fagkunnskap og praktisk-estetisk formidling skal elevane utvikle kritisk sans og kreative evner. Det er slik vi kan gjere elevane skikka til eiga framtid. Entreprenørskapstenking er altså ikkje berre med på å utvikle framtidas forretningsskaparar, men er ein del av det å førebu elevane på livet etter skulen.

Det kan vere krevjande for læraren å setje elevane i førarsetet for eiga læring. Læraren må kombinere det å vere pådrivar med å trekkje seg tilbake og la elevane finne ut av ting sjølv. Den tradisjonelle skulekulturen gir mykje kontroll til lærarane, og det er enklare og tryggare å la ting skure og gå slik dei alltid har gjort i staden for å gå inn i ein aktiv endringsprosess.

Entreprenørielle læringsmetodar krev at skuleleiinga gir ressursar til arbeidet – både tid og pengar. Mange tenkjer nok at eit prosjekt som byggjer på entreprenørskap må vere omfattande, tverrfagleg og gjennomgripande. Men det er òg mogeleg å setje i gang mindre og meir handterlege prosjekt, som til dømes syltetøyproduksjon i mat og helse-undervisinga.

Kompetansen til læraren er avgjerande for at ein skal lukkast med pedagogisk entreprenørskap. Læraren må kunne setje elevane i gang med idémyldring, gi dei verktøy som gjer at dei kan setje idéane sine ut i praksis, la elevane feile og vise dei korleis dei kan lære av feila dei gjer.

Som nesten ferdig utdanna lærar på Høgskulen på Vestlandet, har eg ikkje høyrt om pedagogisk entreprenørskap før det siste studieåret mitt, og då i samband med faget mat og helse. Eg har ikkje hatt opplæring i entreprenørskap som metode i pedagogikk-faget, som er felles for alle grunnskulelærarar.

Viss styresmaktene verkeleg meiner business med elevaktiv læring og entreprenørskap, må det gjerast tilgjengeleg ressursar til arbeidet. Og det må satsast på opplæring av alle lærarane gjennom lærarstudiet, ikkje berre gjennom kurs for spesielt interesserte.

Publisert: