All makt til Makta

Journalistar er ein ufyseleg, sjølvgod gjeng. Men me treng dei likevel. For politikarane er endå verre.

  • Ingebjørn Bleie
 MAKTA: Vil du verkeleg ha eit samfunn der bloggen til Sylvi Listhaug eller Audun Lysbakken er dine sikraste nyheitskjelder? Om ikkje, bør du logga på no og kjøpa abonnement på lokalavisa di, skriv Ingebjørn Bleie.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Aviser er utrivelege. Om ein skrellar vekk interørbilag og kosesaker om korps, står pressa att med éin eksistensberettigelse: Å vera mest mogeleg plagsame for flest mogeleg.

Den klassiske parodien på den uinteresserte, ufyselege tabloidjournalisten som ringjer på dei mest upassande tidspunkt med dei mest upassande spørsmål, er tidvis farleg nær sanninga. Eg har opplevd det på kroppen sjølv, og forstår at eit einaste slikt møte med pressa er nok til å gje avsmak på media resten av livet.

Pressa er hårsår som ein trassig, overfølsam tenåring. Dei utøver sjølvkritikk på omtrent same nivå som Vladimir Putin. Å få eit «unnskyld» ut av ein avisredaksjon, er å rekna som rein excorsime.

Og likevel. Likevel treng me dei. For hovudfienden til pressa er betydeleg verre. I norske partiprogram er det fleire overbod og meir nyansemangel enn norske avisforsider klarar å produsera på eit heilt år. I ei gjennomsnittleg utgåve av Dagsnytt 18 eller Politisk kvarter, er det fleire misvisande og forledande utsegn enn det ville ha vore i «Norske aviskommentatorars samlede verker: 1890 – 2016».

Mediehatarane og avisbrennarane gløymer at det er politikarane som sit med den formelle makta. Ikkje media. Ikkje folk flest. I eit demokrati er det dei sitjande politikarane som bestemmer. Formell, politisk makt er noko av det kraftigaste som finst her i verda. Den er truleg berre overgått av penge- og militærmakt.

Når du har politisk makt kan du bokstavleg tala med eit pennestrøk påverka livet til titusenvis av menneske. Mangedobla eigedomsskatten frå eitt år til neste? Ok. Leggja ned Odda sjukehus men ikkje Lofoten? Greitt. Endra trygde- og pensjonsreglane slik at folk får kraftige inntektsendringar frå eitt år til eit anna? Ja vel, minister.

I offentleg forvaltning og politiske prosessar oppstår det langt fleire og meir alvorlege sjokk for enkeltpersonar enn det eit presseetisk svart hól som Se og Hør har klart å stella i stand opp gjennom åra.

Rett nok har me i Norge nokre av dei seigaste politiske prosessane i verda, der alle skal bli høyrde og ingen skal bli lei seg. Regjeringa opererer ikkje i ei boble og kjem ikkje med einerådande dekret om korleis ting skal vera. Men den politiske eliten i Norge er liten. Dei som meistrar, eller kan kjøpa seg, heksekunsten med å forma høyringsuttalelsar, arrangera lobbymøte og dytta rett mann i rett retning, kan ofte få det slik som dei vil.

Men når alle rundar er gått eit par-tre gonger, og alle interessegrupper har sagt sitt, er det til sjuande og sist ei ganske lita gruppe menneske som til slutt skal sitja og ta ei endeleg avgjerd. Dei må haldast til ansvar.

Via studielivets tilfelle kjenner eg folk som seinare har blitt erfarne redaktørar og journalistar. Ingen av dei har noko stort prosjekt om å forma samfunnet i sitt bilete eller plassera sin favorittpolitikar i statsministerstolen. Dei likar å avsløra ting som maktpersonar prøver å gøyma, likar å få merksemd rundt gode historier, og har generelt eit sterkt instinkt som seier at «folk har rett til å vita».

Sjølvsagt finst det journalistar som vrir på sanninga og misbrukar talarstolen sin. Men å spreie eit inntrykk av at desse rotne egga er representative for heile yrkesgruppa, er øydeleggjande for oss alle. Det riv ned den livsviktige tilliten folk må ha til desse institusjonane for at samfunnet skal fungera.

At sosialistiske journalistar vrir samfunnet bevisst mot venstre, er ein fascinerande påstand all den tid venstresida har tapt dei fleste større kampar sidan 90-talet. Talet på fagforeiningsmedlemmer stuper, forskjellane mellom folk aukar og me har ei mørkeblå regjering som held seg ganske bra på meiningsmålingane. Eksstatsrådane Manuela Ramin-Osmundsen, Åslaug Haga og Audun Lysbakken frå Jens Stoltenberg si regjering følte seg nok heller ikkje behandla som «kameratar» og åndsfeller av journalistane.

Dessverre strålar mange redaksjonar ut ein umiskjenneleg eim av sjølvgodheit, lemfeldig maktbruk og sårbart ego. Det er denne stanken diverse politikarar utnyttar for å undergrava media og pressa fram si eiga variant av sanninga ved alle høve. «Falske nyheiter» vart meiningslaust som uttrykk nærmast før det kom i bruk, fordi ei rekke politikarar begynte å bruka det om alle vinklingar dei ikkje lika.

Vil du verkeleg ha eit samfunn der bloggen til Sylvi Listhaug eller Audun Lysbakken er dine sikraste nyheitskjelder? Om ikkje, bør du logga på no og kjøpa abonnement på lokalavisa di og regionavisa di snarast mogeleg. Dess meir av informasjonen i eit demokrati politikarane får kontrollera, dess farlegare er det. Når politikarane får styra kva som er sant, kallar me det ikkje lenger demokrati.

Publisert: