Borgarleg orden

Ryktet om kaos i Venstre er overdrive, men problema er ikkje vekke.

VALKAMP: Trine Skei Grande og Venstre må vinne byane om dei skal bryte sperregrensa. Spørsmålet er berre: Med kva sak, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Spørsmålet som står att etter ei helg med Venstre i Ålesund er: Er det no blitt meir borgarleg kaos? Medieoppslaga har jo tyda på det. Det sørgja ikkje minst partileiar Trine Skei Grande for. Ho tabba seg ut i eit VG-intervju og stilte regjeringsultimatum. Seinare trekte ho det tilbake.

Men landsmøtet sjølv har ikkje gjort store vedtak som skaper meir borgarleg bråk. Stort sett er politikken som før, med enkelte mindre endringar. Motstanden mot kontantstøtta har kome inn i partiprogrammet, men det var venta og vil neppe auke blodtrykket i KrF. At Venstre som første parti opnar for surrogati skuffa nok kristenfolket meir.

Heller ikkje vedtaket om å seie nei til 24. konsesjonsrunde (oljeboring i nord) vil bli eit problem. Her er partiet på kollisjonskurs med Høgre og Frp, som nyleg sende 102 boreblokker ut på høyring. 93 av dei ligg i Barentshavet. Blokkene vil truleg bli lyst ut i juni, men sjølve tildelinga vil ikkje skje før neste år.

Ingen i Venstre, inkludert Unge Venstre som fremja forslaget, vil gjere noko forsøk på å få regjeringa til å snu før valet. Det er mogeleg at SV fremjar eit såkalla dokument 8-forslag i Stortinget for å få stoppa tildelinga. Venstre vil då røyste for forslaget, men Arbeidarpartiet vil venteleg stemme det ned saman med Høgre og Frp.

Så alt dette vedtaket betyr er at Venstre vil ha eit ekstra krav i eventuelle regjeringsforhandlingar etter valet, eit krav dei vil ofre for å få gjennom den langt viktigare verninga av Lofoten, Vesterålen og andre sårbare havområde. Den borgarlege sida i politikken er difor korkje meir eller mindre kaotisk etter dette landsmøtet.

Les også

Hans K. Mjelva før landsmøtet: Venstre melder seg ut

I staden er det ei småbarnsmor frå Sunnmøre alle peikar på som det største potensial for borgarleg splid. I juli kjem innvandrings- og integreringsminister Sylvi Listhaug (Frp) tilbake frå svangerskapspermisjon. Frp slit på meiningsmålingane og det er i røynda berre innvandring og integrerings-saker som kan løfte dei. Og ingen fyrer opp kjerneveljarane som Sylvi.

Problemet er at ho òg fyrer opp både leiarar og lekfolk i Venstre og KrF. Slikt blir det fort «borgerlig kaos» av.

Det andre som kan gje kraft i kaos-skuldingane frå dei raudgrøne er regjeringsspørsmålet. Etter Grandes VG-tabbe har partiet på landsmøtet spikra «plan A»-strategien, altså at dei vil inn i ei Høgre-Venstre-KrF regjering. Samstundes vedtok landsmøte ei formulering som opnar for å støtte ei Høgre-Frp regjering: «Venstre er nøkkelen til et borgerlig flertall og vi vil søke å samarbeide på borgerlig side etter valget.»

Eit forslag om å stryke denne, og dermed opne tydelegare for å gå over på raudgrøn side, vart avvist med stort fleirtal. Men sjølv vedtaket dei no går til val på opnar for eit samarbeid med Ap. Det gjer strategien enklare for partileiinga, men krev framleis taktisk kløkt og smarte ordval.

Så landsmøtet laga ikkje meir trøbbel, men det har heller ikkje løyst Venstres hovudproblem: Korleis dei skal klare å kare seg over sperregrensa før valet.

Rett nok har dei vedteke eit nær 200 sider langt program, der alle kan finne noko dei likar. Men det betyr òg at mange finn noko dei ikkje likar, og at profilen lett blir uklar.

Venstre er eit parti for folk med høg utdanning, og dei fleste av dei bur i tettbygde strøk. Skal dei hente nok veljarar må dei difor vinne byane. Spørsmålet er berre: Med kva sak?

Publisert: