Kunsten å overleve det digitale skiftet

Digitaliseringa fløymer inn over industrien på Vestlandet. Men det finst måtar å overleve på.

DIREKTE FRÅ RIO: Maskinservice-selskapet Karsten Moholt overvakar skipsmaskiner på andre sida av kloden. No kan dei miste heile marknaden i det digitale skiftet, men Linn Cecilie Moholt (til v.) vil snu skiftet til ein fordel. Det kan andre lære av, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ein skulle kanskje ikkje tru at ei mellomstor bedrift som reparerer elektriske motorar og generatorar var truga av datamaskiner og internett. Men det er dei. For sjølv om kopartrådane framleis blir spunne til nye viklingar i gamle motorar i Karsten Moholts verkstadhall på Askøy, kan det fort vise seg å vere ein døyande geshäft.

Dei som lagar motorane, som den tyske giganten Siemens, er i ferd med å endre forretningsmodell. I staden for å selje motorane til dei som skal bruke dei, vil dei selje garantert drift. Siemens vil då eige motorane sjølve, og ta dei inn til reparasjon eller byte dei ut når det er trengst.

– Då er det ikkje behov for Kasten Moholt. Då er vi disrupta, seier Linn Cecilie Moholt.

Disrupta er eit moteord, som betyr å bli utkonkurrert av ny digital teknologi.

Det er lett å bli matt av maset om det digitale skiftet. For mange jobbar verkar skiftet ganske fjernt. Men, som Karsten Moholt viser, kan det vere nærmare enn ein trur. Då er det lurt å finne ut kva trugsmålet er, og så gjere noko med det.

Karsten Moholt har gjort det for lengst. Eit tydeleg teikn er at dei har sin eigen digital-direktør, Chief Digital Officer, Stian Bless. Han meiner leiing er nøkkelen. Leiarane må vere frampå, dra organisasjonen med seg. Og, kan eg leggje til: Å gje tilsette fridom til å vere kreative, for her må mykje tenkjast på nytt.

SENSOR: Karsten Moholt monterer eigne sensorar, som denne varmefølaren, i kundanes maskiner. I framtida vil maskinene kome med sensorar innebygd. Då byrjar kampen om kven som skal få datatrafikken, og serviceoppdraga.
Les også

Hans K. Mjelva: Vår vidunderlege nye framtid

Det var òg noko av omkvedet på den tradisjonelle Vårkonferansen på NHH tysdag. Det er symptomatisk for dette året at digitalisering var tema for konferansen.

Blant deltakarane var Walter Qvam, tidlegare sjef for Kongsberg Gruppen, som no leiar Digital Norway. Dei skal bli industriens eige kompetansesenter. Målet er å hjelpe spesielt små og mellomstore bedrifter, sjølve ryggrada i norsk industri, til å utnytte mogelegheitene som ligg i det digitale skiftet. Og unngå farane, sjølvsagt.

For Noreg har gode føresetnader for å klare dette. Vi er eit omstillingsvenleg land, og eit teknologivenleg land. Det første Qvam gjorde då han fekk ordet var å knuse ei seigliva myte om det digitale skiftet: Det er ikkje nødvendigvis slik at vinnarane tek heile kaka, og at vinnarane kjem frå USA. Eller Tyskland.

Det er det Moholt satsar på: Å endre seg før konkurrentane, for å kome dei i forkjøpet. Nøkkelen er data. Moholt vil lage si eiga skyteneste, der kundar og til og med konkurrentar kan leggje inn sine data. Data som blir skapt av alle tinga som er i ferd med å bli kopla til nettet. Tingas internett.

Om få år er alt frå brødristaren til bilen din kopla til nettet, om dei ikkje er det allereie. Og, viktigare for Moholt, alle mogelege slags industrimaskiner. Stadig billigare sensorar, mellom anna frå det framstormande bergensselskapet med det talande namnet Disruptive Technologies, gjer at talet på nettilkopla ting vil eksplodere i åra framover.

3D-SKANNING: Skovel til vasskraftverk. Slike delar kan skannast og skrivast ut som nye delar i ein 3D-printar. Det opnar for nye mogelegheiter.
Les også

Vil gå til sak etter at hovudtillitsvalt blei sagt opp

Moholt får allereie informasjon frå tusenvis av maskiner. For dei har ekspandert sidan bestefaren til Linn starta opp med reparasjonar i Bergen i 1945. Det viktigaste produktet no er eigentleg maskinovervaking.

På ein stor TV-skjerm i kontorbygget i industriområdet på Askøy kan ingeniørane i Karsten Moholt følgje med på maskiner i vasskraftverk, på skip og oljeplattformer. Når vi er der hentar dei opp dataen for ein baugpropell (thruster) på eit skip som ligg utanfor Rio de Janeiro i Brasil. Alt er direkte.

Firmaet skrur sine eigne sensorar inn i maskinene, for å måle vibrasjonar, slitasjepartiklar inne i maskinen og meir. Slik kan dei oppdage maskiner som er i ferd med å konke ut, fleire månader før det faktisk skjer. Så sørgjer dei for å reparere før maskina stoppar, og sparer dermed kundane for avbrot som kan koste millionar.

I staden for å bli disrupta av maskingigantane, vil Moholt utvikle så gode analyseverktøy at kundane vil ha dei likevel. For data er ei verdilaus råvare om du ikkje kan å bruke den. Viss data no tek over for olje som den viktigaste råvara i verda, slik tidsskriftet The Economist nyleg hevda, så satsar Moholt på å skaffe seg sine eigne databrønnar og sitt eige hypereffektive digitale raffineri.

Dei er allereie i gang, med oljeselskapet Aker BP som første kunde. Målet er å bruke data, maskinanalyse, kunstig intelligens og andre digitale verktøy til å gjere maskinene der ute meir driftssikre og meir effektive. Teknologien opnar òg for mogelegheiter som å skrive ut reservedelar med ein 3D-printar hjå kunden, og at ingeniørane kan bruke 3D-briller til å sjå inn i maskina frå Askøy, og dermed spare seg reisa ut til kraftverk, skip og plattformer.

Sjølv om den digitale revolusjonen vil fjerne mange av dagens arbeidsplassar, vil den òg skape nye. Men det kjem ikkje av seg sjølv. Det er eigentleg den viktigaste lærdommen andre kan dra av bedrifter som Karsten Moholt AS.

VERKSTAD: Framleis tek Karsten Moholt inn maskiner på verkstaden for at vibrasjonsingeniør Yevgen Marchenko skal finne feilen. I framtida kan han truleg gjere jobben framfor datamaskina, eller med 3D-briller, utan at motoren forlet kunden.
Publisert: