LO i solnedgang

LO taper kampen om framtidas arbeidskraft. Det kan bety trøbbel for fleire enn Jonas Gahr Støre.

GÅR TIL ANDRE: Dei neste 15 åra vil fire av fem nye jobbar krevje høgare utdanning. Det er dårleg nytt for LO, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Konrad Nordahl», byrja LO-sekretær Terje Olsson. Onsdag denne veka stod han på talarstolen i Folkets Hus i Oslo. LOs øvsteråd var samla, LO-kongressen. Olsson var kome til punktet i talen der han skulle fortelje kva LO skal gjere for å tiltrekke seg folk med høgare utdanning. Han byrja med å sitere LO-leiaren i 1965:

«Skal vi la denne utvikling gå sin gang uten å gjøre noe spesielt for å få tak i den stadig stigende del av befolkningen som ikke lenger er å finne i de gamle yrker? Fagbevegelsen kan da i løpet av 25 år bli redusert til en rettroende menighet. Eller skal vi forsøke å omstille oss, slik at vi kan få nye utdanningsgruppene under fagbevegelsens fold?»

Då Nordahl talte, var Noreg på veg inn i ein utdanningsrevolusjon, godt støtta av LO sjølv. Ungdommen strøymde til universitet og høgskular. Då dei var ferdige, melde dei seg ikkje inn i LO, men i profesjonsorganisasjonar for lærarar, sjukepleiarar, legar og slikt.

Olsson såg utover delegatane. Industriarbeidarar, hjelpepleiarar, kommunaltilsette. Men veldig få frå «utdanningsgruppene». Etter kvart som Olsson talte vidare, vart det vanskeleg å forstå kvifor han hadde sitert Nordahl. Det var ei innleiing til eit oppgjer med 52 års feilslått politikk. I staden berre gjentok Olsson Nordahls intensjon om at det må satsast, utan forslag til konkrete tiltak. Eit symbol på avmakt.

LO har nesten ein million medlemmer. LO-sjefen er ein person du ikkje kjem utanom viss du vil styre Noreg. Likevel, når det gjeld si eiga framtid framstår LO-leiinga som ganske rådville.

Då Nordahl talte i 1965 var rundt 80 prosent av dei fagorganiserte i LO. No er det under 50 prosent. Fallet skuldast i stor grad at LO ikkje klarte å få med seg utdanningsgruppene, som voks så kraftig frå 1970-talet.

Av dei med høgare utdanning som er medlem av ein fagorganisasjon, er berre 18 prosent i LO, ifølgje Fafo. Resten er i Unio, Akademikerne og NITO. Desse organisasjonane veks over tre gongar så raskt som LO.

Framtida er heller ikkje på LOs side: Dei komande 15 åra vil fire av fem nye jobbar krevje høgare utdanning, ifølgje SSB. Utrekningar organisasjonen sjølv har gjort, viser at LO vil ta få av desse: I 2040 vil Unio og Akademikerne til saman gå forbi LO i medlemstal. Mykje tyder på at den mektige Landsorganisasjonen gradvis vil miste makt og status.

Les også

Kommune-Roger mot LO-toppen

Sjølv om Olsson onsdag varsla nok ein offensiv for å vinne utdanningsgruppene, er det lite som tyder på at det vil lykkast. Storleik er viktig når folk vel forbund, og profesjonsforbunda dominerer fullstendig innanfor sine område. Når du berre organiserer ei yrkesgruppe, som til dømes lærarar, kan du òg seie at du berre kjempar for dei. LO må ta meir omsyn til andre.

I tillegg har LO eit problem med profilen. Ei undersøking som er referert i ein intern LO-rapport frå i fjor (Janborg-utvalet) illustrerer problemet: Ingeniørane i undersøkinga oppfattar LO som tradisjonell, profesjonssvak, avleggs og som ein organisasjon for lågtlønte og ressurssvake.

LO vil utvilsamt prøve å gjere noko med dette, men det høyrest veldig vanskeleg ut. Mange i LO er samd i det, og har meir tru på å få fleire organiserte innanfor bransjar der dei allereie er sterke. Til dømes i serviceyrke som hotell og restaurant, som òg er spådd sterk vekst. Men mange små bedrifter, stor gjennomtrekk, deltidsarbeid og framandarbeidarar gjer dette òg krevjande.

Spelar det så noko rolle at LO stagnerer, for andre enn LO sjølv og Ap? Kanskje. For LO har ein nøkkelfunksjon i norsk økonomi. Svært mange av kompromissa som skaper stabilitet og vekst i Norge skjer i møter mellom LO, NHO og staten. Saman med måten lønsdanninga skjer på, er dette kjernen i den mykje omtalte norske modellen.

Dei skandinaviske landas system med sentrale lønsforhandlingar, klassekompromiss og blandingsøkonomi blir for tida hylla internasjonalt. Det skuldast at våre land leverer både vekst, små forskjellar, låg arbeidsløyse, trivsel og omstillingsevne, i ei tid då dei fleste rike land slit med akkurat dette. Modellen har ei oppslutning den knapt har hatt før.

Eit døme er Høgre-Frp regjeringas perspektivmelding, som kom nyleg. Der understrekar dei kor viktig trepartssamarbeidet og høg fagorganisering er. Ikkje ein sjølvsagt ting frå to høgreparti.

Les også

LOs neste leder ber om samling

Eit svakare LO kan skiple sjølve navet i det norske klassekompromisset, den såkalla frontfagsmodellen. Den går ut på at eksportindustrien legg malen for kva alle andre skal få i lønstillegg. Det sikrar låge lønstillegg i dårlege tider, og høgare tillegg i gode. Dermed sikrar den òg norsk industris konkurransekraft, arbeidsplassar og økonomisk vekst.

Spørsmålet er kor lenge dei høgt utdanna vil finne seg i å bli diktert av eit stadig mindre LO, der industrien utgjer ein stadig mindre del? Drygt 200.000 industriarbeidarar styrer no løna til 2,5 millionar norske arbeidstakarar.

For modellen med sentrale lønsoppgjer gjer òg at høgt utdanna kjem relativt dårleg ut. Lønsforskjellen mellom reinhaldaren og ingeniøren er langt mindre i Noreg enn i andre land. Akademikerne, som organiserer legar, økonomar, ingeniørar og andre høgt utdanna, har allereie utfordra systemet i offentleg sektor. Dei vil ha individuell avlønning, noko arbeidsgjevarane set pris på.

Det gjer at stat og kommune kan konkurrere om dei flinkaste folka. Spørsmålet er om dette på sikt kan sprengje heile modellen. Ein ting er uansett sikkert: Dette er ein konkurranse LO aldri vil kunne møte. Til de har reinhaldaren og ingeniøren for ulike økonomiske interesser.

Publisert: