Når det vakre døyr

Menneska gjer seg skuldig i drap på eit av verdas største, eldste og vakraste kunstverk. Det er straks for seint å snu.

DØYR: Ein undervatnsfotograf dokumenterer dei stadig fleire døde korallane i Great Barrier Reef. Få stader er konsekvensen av auka temperatur i havet meir synleg enn i korallreva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Når ein veit kva menneskelege lidingar klimaendringane vil føre til, er det ikkje alltid lett å ha eit brennande engasjement for korallar under vatn. Men sjå no litt på korallreva.

Great Barrier Reef er på kurs mot å bli heilt øydelagt av menneskeleg aktivitet. Med Donald Trumps avgjersle om å trekkje USA ut av Parisavtalen, er det ein ny pessimisme i den internasjonale klimadebatten. Som om det ikkje var nok grunnar til å vere uroa.

KORT PROSESS: Denne kombinasjonen av to bilete tatt i mars og mai 2016, syner bleikja korallar til venstre, og dei same korallane daude til høgre. Bileta er frå Lizard Island på Great Barrier Reef.

Drapet på Great Barrier Reef kan i det minste vere ein vekkjar, eit syn som understrekar alvoret i klimaendringane. For der, utanfor kysten av Australia, er konsekvensane synlege og utvilsame.

Alle som har flytta ein isbit frå frysaren til kjøkkenbenken, veit at isen smeltar som følgje av auka temperatur. Det gjeld like mykje på polane som i heimen. Varmare vatn påverkar også livet i havet. Fisk svømmer bort for å finne ein meir komfortabel temperatur. For korallreva er det vanskelegare. Dei døyr.

Og det er ikkje kva som helst som døyr. Great Barrier Reef er den største strukturen som er skapt av levande organismar, og strekk seg over 344.000 kvadratkilometer. Mange millionar år tok det å utvikle revet. Det blendande vakre er uimotståeleg. Artsmangfaldet er unikt.

FRISK KORALL, FRISK FISK: Å redusere overfiske og forureining vil ikkje stanse bleikinga som drep korallane i Great Barrier Reef. Den einaste løysinga er å stanse dei menneskeskapte klimaendringane.

Korallreva har dessutan ein viktig funksjon i økosystemet, for både fisk og fuglar og andre organismar, og er dermed også for menneskets overleving. Millionar av menneske, særleg i fattige land, lever av å ete fisk frå korallrev.

Når temperaturen stig, skjer det ei bleiking av korallreva. Det kan dei overleve, men berre viss temperaturen raskt går tilbake til vanleg nivå. No har Great Barrier Reef hatt gjentatte år med for høg temperatur.

Øydelegginga har skjedd langt raskare enn kva forskarane tidlegare hadde trudd.

VAKKERT: Øydelegginga av Great Barrier Reef har skjedd langt raskare enn kva forskarane tidlegare hadde trudd.

Magasinet Outside publiserte i fjor ein nekrolog over revet. Artikkelen fekk mykje merksemd, men var samstundes problematisk fordi han skapte eit inntrykk av at alt håp er ute. Sjølv om store deler av revet truleg ikkje kan reddast, er det mykje som enno er fullt av liv. Så det er håp. Førre veke publiserte det vitskapelege tidsskriftet Nature ein artikkel som var nesten optimistisk.

«Vi har ingen tid å miste», sa ein av artikkelforfattarane til Sydney Morning Herald, «og jo lenger bort frå Paris-måla vi kjem, desto verre blir det for reva».

Avisa omtalte artikkelen som ein plan for korleis ein skal redde revet, men planen er eigentleg berre å stanse klimaendringane.

Les også

Leiar om Trumps Paris-avgjersle: «En varslet katastrofe»

Dei australske styresmaktene har skjønt at dei må gjere noko for å redde eit av naturens store underverk. Dei gjer lite. I ein rapport som kom førre laurdag, fekk Australia kritikk frå UNESCO for ikkje å gjere nok for vasskvaliteten ved revet. Problemet er at det uansett er lite ein kan gjere lokalt. Førstehjelp nyttar ikkje.

Når dei globale klimaendringane er årsaka, kan ein spore syndarane tilbake til bilisten i Bergen, kolkraftverket i Kina og flyturen til USA. Stundom er det skilnad mellom «klassisk naturvern» og klimapolitikk, som at vasskraft sikrar rein energi, men kan vere negativt for naturen. Great Barrier Reef er eit døme på at klimakampen også handlar om klassisk naturvern.

OLYMPISKE ELD: Ein dykkar på veg til Sydney-OL i år 2000.

For Great Barrier Reef vil det ikkje vere godt nok å avgrense temperaturauken til to grader. Parisavtalen har to grader som mål, men også eit ekstramål om å strekkje seg etter å halde veksten under 1,5 grader. Klarar ein det, kan ein også halde liv i korallrevet.

Diverre er Australia eit av dei verste landa i den internasjonale klimapolitikken. Landets konservative statsminister Malcolm Turnbull har fått stoppa gode forslag i heimlandet og han var ein bremsekloss under Paris-forhandlingane.

Sjølv ikkje dei som kan sjå konsekvensane av klimaendringane så tydeleg, rett framfor seg, maktar å ta alvoret innover seg.

Og no skal USA altså ut av Parisavtalen. Utviklinga i retning av grøn energi og kutt i utslepp vil fortsette, men oppoverbakken vil bli endå brattare enn den var.

Les også

Spørsmål og svar: Hva skjer nå for klimaet?

Det finst gode grunnar til å tru at utsleppa vil gå ned, at temperaturauken ikkje blir så ille, at dei største problema blir avverja. Men korallrevet utanfor Australia vil aldri bli det same igjen.

Det tok naturen nærare 20 millionar år å skape Great Barrier Reef. Men mennesket trengde berre nokre tiår på å drepe det.

Publisert: