Oljå treng kjærleik

Oljefolka føler at ingen er glad i dei lenger.

HANDSLAG: Den nye oljeministeren, Terje Søviknes, heiar på oljeindustrien. Her på Rosenberg i Stavanger. Men elles føler næringa at det lite takk å få, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Ein gong var oljen Noregs framtid. No kjenner folka i bransjen seg forlatne og åleine, i skammekråa saman med pelsoppdrettarar og ulvejegerar.

− Vi må snakke opp bransjen. 12.000 milliardar kroner! Vi har trass alt bidratt til fellesskapet med 12.000 milliardar kroner.

Orda frå oljedirektør Bente Nyland er ei verbal spabehandling for den dresskledde gjengen som sit i dempa belysning i konferansesalen på Clarion Hotel Energy i Stavanger. Oljebransjen som var samla på bransjetreffet Offshore Strategikonferansen denne veka, kjempar ikkje berre for si eiga framtid. Dei kjemper for respekt, for anerkjenning frå storsamfunnet. Go’ord frå statens representant hjelper ikkje så mykje. Ho er ein av dei.

Oljebransjen hadde alt. Feite lønningar og heltestatus. Ein heilt ny høgteknologisk industri vart bygd opp. Superavanserte løysingar som har gjort det norske oljeeventyret mogeleg, og som no blir eksportert over heile verda. Det er dei, den såkalla leverandørindustrien, som er samla på konferansehotellet. Mange av dei 50.000 som har mista jobben i oljebransjen dei siste to åra arbeidde i denne industrien.

No kan bransjen puste litt lettare, for dei skimta botnen i krisa. Men likevel er her ei djup bitterheit. Ingeniørane og økonomane i salen fyrer seg opp over naivitet, kunnskapsløyse og falskheit. Over politikarar og eit folk som ikkje er takksam for velstanden oljenæringa har skapt. Og meir enn noko over den store makta miljørørsla og småpartia Venstre og SV har fått, ei makt dei i over ti år har brukt til å hindre utbygging av dei siste verkeleg attraktive oljefelta, som ligg utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe).

Les også

Skremt over sine egne i LO-familien

Til forsvar for folka i olja – her er ei lita påminning: Det er oljepengane som gjer at vi betaler så lite skatt og får så gode offentlege tenester som vi gjer. Utan oljepengane ville vi måtte kutte statsbudsjettet, eller auka skattane, med 260 milliardar kroner i år. Samanlikn det med til dømes den store skattediskusjonen mellom regjeringa og Arbeidarpartiet: Erna Solberg lovar 25 milliardar i skattelette dei neste fire åra, Ap vil auke skattane med 15. Det siste var nok til å få DDE-vokalist og sosialdemokratisk småbedriftseigar Bjarne Brøndbo til å gå av skaftet. Kva då med ein skatteauke på 260 milliardar?

Mens oljenæringa dei to siste åra har vore gjennom ein hestekur, har regjeringa nær dobla bruken av oljepengar i statsbudsjettet. Det er oljepengane som gjer at Høgre-Frp-regjeringa kan skryte av at dei både har gitt store skatteletter, og ausa ut meir pengar til det norske folks velferdsstat. I normale land må skatteletter betalast gjennom utgiftskutt. Det treng ikkje ei regjering med 7000 milliardar på bok.

Men får dei som har skaffa oss desse pengane noko takk? Nei, dei får berre prat om klima, grønt skifte, omstilling og tøv om alt som skal bli den nye oljen. Og i alle fall når det gjeld det siste har bransjen heilt rett: Ingenting vil bli den nye oljen. Norge vil aldri nokon gong igjen få ei vare vi kan tene så mykje på som oljen.

Ei gruppe som blir spytta ut or munnvikane i reint sinne hjå oljefolket er dei som jobbar i offentleg sektor, og som ikkje likar olja. Ingen stader er problemet så tydeleg, og viktig, som i landets største lønstakarorganisasjon, LO. Her har dei offentleg tilsette fått fleirtal, eit fleirtal dei trugar med å bruke til å stoppe oljeutvinning i LoVeSe. Ingen takk der i garden for oljepengane som betalar jobbane deira.

Oljebransjen treng verkeleg LoVeSe. Ikkje minst leverandørindustrien i salen, sjølv om dei for lengst har skaffa seg fotfeste i andre, meir petroleumsvenlege land. 40 prosent av produksjonen går no til eksport. Men for arbeidsplassane i Norge vil ei utbygging av LoVeSe bety mykje. Utan den vil det tynnast ut med oppdrag, sjølv om optimistane trur på felta opp mot isøydet i Barentshavet.

No kan oljeindustrien bli bønhøyrt, i alle fall delvis. Både LO og Arbeidarpartiet ser ut til å ende i eit kompromiss: Den sørlegaste og mest lovande delen av LoVeSe, feltet Nordland 6, får truleg eit ja til konsesjonsutgreiing på LO-kongressen og landsmøtet til Ap til våren. Ei slik utgreiing er jamgodt med eit ja til oljeutvinning.

Neste steg blir å kvitte seg med SV og Venstre. TV 2 si meiningsmåling viste denne veka fleirtal for Ap, Senterpartiet og KrF. Tippar det er noko mange i industriforbunda i LO godt kunne tenkt seg. KrF kan, som politisk redaktør Kjetil Bragli Alstadheim i Dagens Næringsliv sa til latter frå salen, kjøpslå om alt utanom alkohol.

Les også

- Grunn til optimisme

Men sjølv om oljenæringa no klarer å manøvrere seg til eit nytt oljefelt, endrar det ikkje bransjens mest grunnleggjande problem: Framtida.

Ungdommen sviktar oljefaga. Sjølv ingeniøranes alma mater, NTNU, vinklar studium om frå olje til fornybar energi. Krisa etter oljeprisfallet i 2014 har sitt å seie, men det verkelege problemet er klimasaka og Parisavtalen.

For sjølv om bransjen ikkje likar det, har klimakrisa gjeve oljenæringa eit solid image-problem. Dessutan kan politiske tiltak og fornybar-teknologi gjere olje ulønsam før vi likar å tru.

På konferansen på Madla var det eit utal forsøk på å bortforklare motsetningane mellom klimasaka og oljebransjen. Til dømes sa påtroppande LO-leiar Hans-Christian Gabrielsen at Parisavtalen var ein fordel for norsk leverandørindustri, fordi produksjonen på norsk sokkel er klimavenleg.

Problemet er berre at sjølve produktet, oljen og gassen, ikkje er så klimavenleg. 95 prosent av utsleppa kjem trass alt når oljen vår blir brukt. Det er noko vi som oljenasjon berre må leve med, same kor høgt det skrik der inne i godfjott-sjela vår.

Kor frigjerande hadde det då ikkje vore om oljepolitikarane kunne droppa regla om å erstatte kol og hjelpe fattige land, og i staden sagt det som det er: Vi vil ha pengane og jobbane, og så får klimaet klare seg sjølv.

Det vil ikkje skje, sjølvsagt. Like lite som du får offentleg tilsette til å seie «vi gjev blaffen i om økonomien går ad undas».

Oljefolket fortener kjærleik og respekt. Dei fortener at resten av landet vedgår at vi alle er klimasyndarar. Men for at dette forholdet skal fungere må òg oljefolket forsone seg med at stordomstida er over. Det er på tide å kome seg vidare.

Publisert: