Streiken som kan vare lenge

Bak barnehagestreiken står mektige aktørar som kjempar om framtidas pensjonssystem. Det gjer at streiken kan bli langvarig.

LANGVARIG: Lise Nilsen, Anette Nyhammer, Cathrine Herland og Maja Jasionowska og dei andre tilsette ved Akasias barnehagar kan ende opp med å streike heile sommaren, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Enkelte streikar handlar om lokale tilhøve, mellom bedrifta og deira tilsette. I andre streikar er det sentrale fagforeiningar og arbeidsgjevarforeiningar som dreg i trådane. Barnehagestreiken i Bergen er begge deler. Det er dårleg nytt for dei nær 1200 barna som ikkje har nokon barnehage å gå til, og for foreldra deira.

På overflata er streiken ein konflikt mellom kyrkje-konsernet Akasia og dei tilsette i konsernets 20 barnehagar. Kjernen i den konflikten er pensjonsvilkår, sjølv om streiken òg handlar om andre sider av den lokale tariffavtalen.

Fram til desember 2015 hadde dei rundt 300 tilsette i barnehagane to ulike pensjonsavtalar. I ni av barnehagane hadde dei tilsette ein offentleg ytingsbasert tenestepensjon, som garanterer at dei får ein viss prosent av løna utbetalt i pensjon livet ut. I ni andre hadde dei ein privat variant av det same, medan to hadde ei innskotsbasert ordning.

Les også

Derfor er barnehagestreiken så fastlåst

I januar 2016 slo Bergen kyrkjelege fellesråd, som eig det heile, saman barnehagane i selskapet Akasia. Samstundes endra dei pensjonsordninga for alle, til ei såkalla innskotsbasert ordning. Akasia betaler no inn fem prosent av løna kvart år til ein pensjonskonto, som dei tilsette kan ta ut når dei blir pensjonistar.

Kva du får utbetalt av ein innskotspensjon er avhengig av avkastinga på sparepengane. Dårleg aksjemarknad gjev deg mindre i pensjon. Med ein ytingsbasert pensjon vil utbetalinga ikkje bli påverka av dårleg avkasting, fordi den rekninga går til arbeidsgjevaren.

Dei Akasia-tilsette streikar for å få tilbake sine ytingsbaserte pensjonar. Men dei vil òg kunne gå med på ein såkalla hybridmodell – ei blanding av dei to systema. Ein viktig forskjell mellom hybrid- og innskotsbasert pensjon er at du med hybrid er garantert utbetalingar livet ut. Det er spesielt viktig for kvinner, som lever lenger enn menn. I Akasias barnehagar er om lag 90 prosent av dei tilsette kvinner.

Akasia seier nei, fordi dei meiner hybridmodellen blir for dyr. Her har dei full støtte av arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter, som Akasia er medlem av. Spekter organiserer i hovudsak statlege føretak, som sjukehusa, NRK og NSB, og føretak som leverer til det offentlege, som Akasia.

Spekter tilrår sine medlemmer å unngå hybridpensjon. Dei vil ha innskotspensjon. Og her er nærmar vi oss kjernen i konflikten. For på den andre sida av bordet, bak dei tilsette i Akasia, sit dei to største fagorganisasjonane i landet: Fagforbundet (LO) og Utdanningsforbundet (Unio), i tillegg til YS-forbundet Delta og Lederne. For dei er innskotspensjon totalt uakseptabelt.

Skulle dei gje seg i Akasia-streiken, og gå med på innskotsbasert pensjon, fryktar desse fagforbunda at det vil få konsekvensar langt ut over dette eine konsernet. Det same gjer truleg Spekter. Akasia-konflikten er difor ein kamp om framtidas pensjonssystem i offentlege og halvoffentlege bedrifter.

Den mest nærliggjande smitteeffekten er i barnehagesektoren. Dei fleste private barnehagar i landet er organisert i Private barnehagers landsforbund (PBL). Dei har i dag ytingsbasert pensjon til sine tilsette. Fordi nye reglar for aldersjustering gjer ytingsbasert pensjon stadig dårlegare, byrjar fagforeiningane å bli klare til å få PBL med på ein hybridpensjon.

Men viss Spekter klarer å få gjennom innskotsbasert pensjon i Akasia, fryktar fagforeiningane at andre PBL-barnehagar vil hoppe over til Spekter for å spare pengar. Frykta er vidare at det set i gang ein spiral der alle private barnehagar til slutt endar med innskotsbasert pensjon. Det kan òg smitte over på andre sektorar.

Les også

Vi streiker ikke for moro skyld

Streikar som handlar om slike prinsipielle motsetnader, med frykt for smitteeffekt, har ein tendens til å bli langvarige. Begge partane seier dei har døra open for samtalar, men det er nok mest spel for galleriet. Fagforbundet og Delta har stemna Akasia for arbeidsretten, ei sak som skal opp i september. Seier dei ja til innskotsbasert pensjon før den tid, undergrev dei si eiga sak.

Akasia har på si side stemna 90 av sine tilsette i Fagforbundet for tingretten. Den saka handlar òg om pensjonsordningane, og skal i retten i august.

Mykje tyder difor på at foreldre og ungar må bu seg på at dette kan ta tid.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at arbeidsgjevar betalar inn sju prosent av dei tilsettes løn i pensjon. Det stemmer ikkje heilt. Akasia betalar tilsvarande fem prosent av løna, medan dei tilsette sjølve betalar to prosent. Det stod òg alle 20 barnehagane hadde ei ytingsbasert pensjonsordning før dei vart overført til Akasia. Ifølgje Akasia er det rette at 18 hadde ei slik ordning, medan to av barnehagane hadde ei innskotsbasert ordning.

Publisert: