Vår vidunderlege nye framtid

Datamaskinene vil ete ein haug med arbeidsplassar dei neste tiåra. Kven vil overleve?

 DIGITALISERING:  Jobbane i bankskranken har forsvunne inn i nettbanken. No forsvinn òg saksbehandlarane, skriv BTs Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Kva yrke har ei framtid? I dagens BT fortel vi historia om bergensavdelinga til landets største bank, der kvar femte kontorplass i Solheimsviken står tomme, berre tre år etter banken flytta inn.

Den første fasen av den digitale revolusjonen er allereie over for bankane, den som gjorde at kundane slutta å gå inn i eit fysisk banklokale. Jobbane i skranken har forsvunne inn i nettbanken. No forsvinn òg saksbehandlarane. Datamaskiner skal overta både lånesøknader og rådgjeving. Meir vil følgje.

Det som skjer i bankane, skjer meir eller mindre over alt. Sjølvlærande og kraftige datamaskiner, hausa opp under merkelappen «kunstig intelligens», er akkurat no frontavsnittet i revolusjonen. Ofra er spesielt saksbehandlarar, anten dei handterer lånesøknader i bank, skadeoppgjer i forsikringsselskap eller byggjesaker i kommunen.

Selskapet Evry meiner til dømes at 80 prosent av alle byggjesaker kan overlatast til datamaskiner. Byggjesaksavdelinga i Bergen kommune har allereie installert Digifrid, som gjer jobben til 12 saksbehandlarar.

Her er lærdom nr. 1 for framtidas jobbmarknad: Ikkje sats på jobbar som inneber saksbehandling som følgjer lover, reglar og rutinar, såkalla kognitive rutinejobbar. Høg utdanning som jurist eller lege er ingen garanti. Legars diagnosar, til dømes, kokar jo i stor grad ned til å tolke symptom opp mot kjend kunnskap og rekne ut truleg årsak.

Etter kvart som teknologien går fram, vil maskinene ta over stadig fleire jobbar. Viss du vil leite etter ein sikker jobb for framtida, kan det vere lurt å spørje kva menneskeleg eigenskap datamaskiner og robotar ikkje så lett kan erstatte.

Skal vi tru World Economic Forum blir sosiale evner som kjenslemessig intelligens og evne til samarbeid viktig. Viktigast på deira liste er likevel det å kunne «tenkje sjølv», eigenskapar som kreativitet, komplisert problemløysing og evne til kritisk tenking.

Les også

Roboter krever færre kontorbygg i Bergen

Rett før påske la Solberg-regjeringa fram Perspektivmeldinga, som spår korleis det går med landet fram til 2060. Her er dei negative sidene ved den digitale revolusjonen nemnd to gonger, men begge med konklusjonen at teknologien vil skape like mange nye arbeidsplassar som han fjernar. Det viktigaste for regjeringa er at digital teknologi kan effektivisere offentleg sektor, noko Digifrid viser er mogeleg.

Regjeringas optimisme står i kontrast til bekymringane den digitale revolusjonen har skapt elles i verda. Frykta er at revolusjonen vil øydeleggje langt fleire jobbar enn den vil skape. Eller at dei nye jobbane som blir skapt er langt dårlegare betalt enn dei gamle. Dessutan viser selskap som Facebook, Google og Amazon at pengane stort sett går til ein liten elite med utprega skattevegring.

Då rikfolket samla seg til World Economic Forum i Davos i januar, var denne sida av den digitale revolusjonen eit heitt tema. Frykta er at sosiale og politiske opprør, at valet av Donald Trump i USA og britanes utmelding av EU berre var ein forsmak.

Noreg er likevel noko anna enn USA og Storbritannia, og betre stilt til å takle den digitale revolusjonen enn dei fleste. Mellom anna gjer ein raus og rik velferdsstat at folk ikkje hamnar på bar bakke om dei mister jobben. Vi har òg ein kultur for omstilling, med og utan statleg hjelp. Dessutan gjer lønssystemet at forskjellen mellom dei med høg utdanning og resten truleg ikkje vil bli like stor som i mange andre land.

Likevel vil neppe den digitale revolusjonen bli så smertefri i Noreg som ein kan få inntrykk av i regjeringas perspektivmelding. Til dømes sa svenske styresmakter torsdag denne veka ja til at førarlause bilar kan køyre fritt på svenske vegar. Utviklinga her går svært fort. Titusenvis av sjåførjobbar kan ryke i løpet av dei neste 10–15 åra, i drosjer, varetransport og bussar.

Ei anna stor yrkesgruppe som truleg vil bli mindre, er dei som jobbar i butikk. Her er det i dag rundt 180.000 jobbar i Noreg. Dei er truga både av sjølvbetjeningskasser, robotifiserte varelager-butikkar og nettbutikkar.

Så her er lærdom nr. 2 for framtidas jobbmarknad: Skaff deg ei utdanning. Dess lenger ho er, dess sikrare er du på ha ein jobb, skal ein tru Perspektivmeldinga.

Du treng likevel ikkje å ta ein mastergrad for å ha ein jobb. Mange yrkesfag vil truleg klare seg godt. Elektrikarar, røyrleggjarar, målarar og tømrarar blir neppe erstatta av robotar med det første. Det same gjeld mange jobbar i industrien.

Det viktige er at ein har evna til å lære vidare, i jobben. Lite tyder på at omstillingstakten vil gå ned, og då gjeld det å kunne ta til seg ny kunnskap. Allereie i dag forsvinn ti prosent av alle jobbar i Norge, kvart år. Like mange nye blir skapt. Klarer du å lære nye ting, blir det langt lettare å byte jobb etter kvart som arbeidslivet endrar seg. Lang utdanning gjer slik omstilling lettare.

Fordi utdanning er alle partias hovudoppskrift for at Noreg skal klare seg framover, er læraryrket noko av det sikraste du kan velje. Heller ikkje lærarar er lett å erstatte med ein robot.

Eit anna rimeleg framtidssikkert yrkesval er i helse- og omsorgssektoren, noko som har blitt sagt i fleire år. Tala for Samordna opptak som kom torsdag viser at medisin og sjukepleiar er blant dei mest populære utdanningane i landet (saman med økonomi og jus). Eldrebølgja vil skape fleire jobbar, sjølv om ny teknologi også her vil effektivisere drifta.

På toppen av søkjarlista finn ein òg IT-utdanningar, som også er blant dei mest framtidssikre du kan velje. Nokon må styre maskinene, og finne opp dei nye, kule digitale løysingane.

Ein annan døme på jobbar det kan bli meir av er tenester som gjer folks liv meir komfortable. Alt frå personlege trenarar til mat-på-døra selskap, gartnarar og vaskehjelper. Og heilt sikkert ein haug med jobbar som ikkje finst i dag.

For er det ein ting som er sikkert: Den nye teknologien vil ikkje berre øydeleggje jobbar. Han vil òg skape nye. Spørsmålet er kor mange.

Publisert: