Venstre melder seg ut

Trine Skei Grande & Co har utmanøvrert seg sjølv.

SJØLVSKOT: Venstre-leiar Trine Skei Grande vil felle ei Høgre-Frp regjering for å få ei Høgre-KrF-Venstre regjering. Nok eit ultimatum ho må ete i seg, skriv BT-kommentator Hans K. Mjelva.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconKommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av BTs kommentatorer og redaktører, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Venstre har valkampens lengste program og dårlegaste odds. I fire år har dei dyrka sine eigne tap som støtteparti for Høgre-Frp regjeringa.

Tysdag var det tid for å framsnakke seg sjølv. Venstre-leiinga skulle presentere politikken for dei komande fire åra, men brukte over halve pressekonferansen til å snakke om fortida.

Venstre har fått til ein god del: Vern av Lofoten, Vesterålen og Senja, lærarløft, studiebustader, jarnbane og milliardar til grøn omstilling, for å nemne noko. Problemet er at sigrane har drukna i tap.

Eller det som har stått fram som tap, fordi Venstrefolk har kritisert politikken til ei regjering dei støttar. Partiet hadde kanskje kome betre ut om dei hadde sete i regjering, og heller tatt kampane på bakrommet. Kanskje.

Den kraftigaste kritikken har kome på to av dei viktigaste sakene for Venstre, asyl- og klimapolitikken. Slik kritikk er vanskeleg utan at du samstundes viser fram di eiga avmakt.

Venstres fremste demonstrasjon av avmakt har kome i dei årlege budsjettforhandlingane. I tre statsbudsjett har Venstre gått høgt ut med klimakrav, der auka drivstoffavgifter har stått sterkt. Kvar gong har det enda med ei løysing Venstre eigentleg ikkje ville ha: Flypassasjeravgift, poseavgift og biodrivstoff. Spesielt dei to siste har vore dårlege saker for partiet. Og det er dette folk vil hugse, ikkje Fornybar AS.

Frp har utmanøvrert Venstre. Tydlegast var dette under fjorårets budsjettforhandlingar. Venstre-leiar Trine Skei Grande byrja ballet ved å stille noko tilnærma eit ultimatum på Venstres landsmøte i april: «Det budsjettet regjeringa jobbar med no, må bli tidenes klima- og miljøbudsjett. Viss ikkje det blir det, har ikkje denne regjeringa noko framtid.»

Bakgrunnen var at regjeringa året før hadde fått gjennom budsjettet ved å love Venstre og KrF eit grønt skatteskifte i neste budsjett.

Les også

Ingen ville ha storstilt biosatsing. Likevel ble det resultatet.

Etter månader med forhandlingar snikra Frp saman ein gunstig pakke for bileigarar, som Erna Solberg (H) aksepterte som eit mot-ultimatum til støttepartia. Frp gjekk med på ein viss auke i drivstoffavgiftene, som vart meir enn kompensert gjennom kutt i andre bilavgifter. Venstre protesterte kraftig, men feiga ut og lét seg avspise med eit innblandingskrav for biodrivstoff med høgst tvilsam klima og miljøeffekt.

Så kven trur på Grande når ho no (i gårsdagens VG) seier ho vil tvinge Venstre inn i ei regjering med Høgre, og at ho er villig til å felle ei Høgre-Frp regjering for å få det til? Frp nektar som kjent å støtte ei regjering dei sjølv ikkje er med i, så ei Venstre-KrF-Høgre regjering vil ikkje få fleirtal. Og samarbeid med Ap vil ikkje dagens Venstre-leiing ha.

Det er vanskeleg å sjå at Venstre oppnår noko som helst med ein slik strategi, bortsett frå å bli ei levande reklame for Arbeidarpartiets valkampmantra «borgarleg kaos».

Når Venstre har kome så skeivt ut er det ikkje berre deira skuld. Erna Solberg har ikkje klart å finne ein veg der Venstre og Frp kan møtast. Men er det så rart når Frp og Venstre står på kvar sin fløy i dei to viktigaste sakene i vår tid, innvandring og klima?

Venstre står no med ryggen mot veggen. Meiningsmålingane plasserer dei under sperregrensa (pollofpolls.no). Hadde det vore val i dag ville partileiar Grande og Abid Raja blitt åleine igjen på Stortinget.

Så kva gjer eit parti på desperat jakt etter veljarar? Det lyftar opp ei av sine gamle saker: Skule og oppvekst. Venstre vil vinne veljarar ved å utvide repertoaret, vise at dei er eit mangesaksparti.

Les også

Venstres stortingsgruppe sier nei til Listhaugs forslag

Då nestleiar Terje Breivik fortalde pressa kva han trur blir dei sentrale debattane på landsmøtet, handla fire av seks stridssaker om skule og oppvekst: Gratis barnehage, tredeling av foreldrepermisjon, fråværsgrense i skulen og etterutdanning av lærarar.

Venstre var ein gong i tida eit skuleparti. Den rolla har Høgre langt på veg tatt. Konkurransen om skule- og oppvekstpolitikken er knallhard. Alle parti med unntak for Frp og MDG prøver å markere seg her.

Venstre kastar seg inn i kampen ved å love haugevis av pengar: Gratis SFO, gratis barnehage og lønsløft for lærarane, for å nemne noko. Skule er blant dei viktigaste sakene for veljarane, ikkje minst for eit parti som i hovudsak appellerer til folk med høg utdanning.

Eit landsmøte kan løfte eit parti i eit valår. Sakene, ikkje berre spelet, får merksemd. Det er viktig både for partia og demokratiet. Men med utspelet om å felle regjeringa har Grande sørgja for at det meste av merksemda Venstre vil få i valkampen vil handle om spelet.

Publisert: