Den plagsame symbolsaka

Det bør snart bli slutt på ekstraomgangane om Lofoten, Vesterålen og Senja (LoVeSe). Natur, miljø og klima er framleis dei viktigaste argumenta mot oljeutvinning.

  • Bergens Tidende Politiken
LOFOTEN: Å opne for oljeproduksjon i LoVeSe er først og fremst eit svik mot klimaet og miljøet, meiner BT
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

I eit forsøk på å hindre splitting og ufred internt i Arbeidarpartiet og i LO, prøver partileiinga seg på eit kompromiss for oljeutgreiing i dei omstridde områda utanfor LoVeSe.

Partiet foreslår å verne Lofotodden, Vestfjorden og andre sårbare område permanent eller i ei årrekkje, medan Nordland 6 sør for Lofoten skal konsekvensutgreiast.

Oljeminister Terje Søviknes (Frp) kallar framlegget eit svik mot arbeidsmarknaden i nord. Han tek kraftig i. Å opne for oljeproduksjon i LoVeSe er først og fremst eit svik mot klimaet og miljøet.

Den ørkeslause debatten om LoVeSe kan vere vanskeleg å forstå. For det skortar ikkje på oppgåver for oljenæringa dei neste åra, andre stader.

Både i Nordsjøen og i Barentshavet er det gjort store funn, og det finst også potensial for meir utvinning i Nordsjøen, i Norskehavet og ved Jan Mayen. Å presse fram ei løysing for LoVeSe no, er ikkje naudsynt.

Les også

DEBATT: Med Lofoten som gissel.

Dessutan har det vore ei markant endring i haldninga til spørsmålet. Arbeidarpartiet sine fylkeslag i både Troms og Finnmark, pluss AUF og fleirtalet av kommunane i Lofoten ønskjer no at olja skal bli liggjande. Også i LO er stemninga i ferd med å endra seg. EL og IT-forbundet ønskjer vern av havområda, stikk i strid med haldninga til LO-leiinga.

Skiftet handlar dels om at det er blitt meir fokus på klima etter Paris-avtalen. Samstundes er reiselivsnæringa i området i kraftig utvikling, og skal også i framtida vekse på miljømedvitne turistar frå heile verda.

I havområda utanfor Lofoten gyter verdas siste store torskestamme. Seismikkskyting er skadeleg for fiskebestanden. Boringa vil skje nært land, og uansett kva oljelobbyen seier, finst det ikkje garanti for at det ikkje skjer ulukker med oljesøl i desse sårbare naturområda.

Havforskingsinstituttet, Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvaltning har alle åtvara mot oljeutvinning i LoVeSe.

Les også

DEBATT: Feilslått klimaprioritering.

Krisa i oljenæringa set ytterlegare press på oljeutvinning i nord, og det er forståeleg at politikarane ønskjer å banka gjennom tiltak som raskt kan skapa arbeidsplassar. Desto viktigare er det at vernet om dei langsiktige verdiane vinn fram.

Klimamåla ligg fast, og heile verda veit at oljeindustrien langsamt skal nedskalerast dei neste tiåra. Då er det meir rasjonelt å bruke statleg innsats på omstilling til nye næringar, enn å dyrka fram klimaøydeleggjande og kortsiktige tiltak som å pumpa sokkelen tom for olje.

Publisert: