Ei rimeleg forsikring

Odda sjukehus bør få behalde tilbodet om akuttkirurgi.

LANG KAMP: Regjeringa bør stoppe nedlegginga av akuttkirurgien på Odda sjukehus, i denne omgang, skriv BT på leiarplass. Biletet er frå ein sjukehusdemonstrasjon i 2011.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Å gjennomføre fornuftige reformer av helsevesenet er inga politisk vinnarsak. 1. mai demonstrerte «heile» Odda mot helseminister Bent Høie og regjeringa, som vil leggje ned akuttkirurgien på Odda sjukehus. Frå talarstolen garanterte Arbeidarpartiets Ruth Grung at dei vil sikre fleirtal for å stoppe nedlegginga, når to forslag om det frå KrF og SV skal avgjerast i Stortinget 15. mai.

Aps standpunkt må sjåast som ein del av valkampen. Så seint som i byrjinga av april sa partiets helsepolitiske talsmann Torgeir Micaelsen, at «vi får en uholdbar situasjon her i landet, hvis Stortinget skal gjøre vedtak om enkeltavdelinger på enkeltsykehus.»

Det har han rett i. At Stortinget overprøver regjeringa på denne måten legg svært uheldige føringar for framtidige reformer. Det vil fort Ap sjølv kunne merke, om dei hamnar i regjering til hausten.

Sjukehuset i Odda er landets minste, med eit omland på berre 11.000 innbyggjarar. Halvparten av desse vel i tillegg å dra til andre sjukehus lengre borte, som Haugesund og Haukeland. Målt i høve til andre sjukehus blir drifta svært dyr pr. pasient. Få pasientar gjer det òg utfordrande å halde kvaliteten oppe.

Les også

BT-leder: Kutt akuttkirurgi

Problemet i Odda er at det er minst to timar til nærmaste sjukehus med akuttkirurgi, i Haugesund og på Voss. Til Haukeland tek det ein halvtime ekstra. Skodde gjer at luftambulansen heller ikkje alltid kan ta seg fram til Odda. Demonstrantane har difor eit poeng når dei seier at nedlegginga kan gå ut over liv og helse.

Prioriteringar i helsevesenet er eit av dei vanskelegaste politikkfelta. Når omsynet til liv og helse blir sett opp mot økonomi er det enklaste å seie ja til alt. Men det vil sende kostnadene i vêret, og undergrave heile det offentlege helsevesenet.

For dei små sjukehusa er det i tillegg eit problem at allmennkirurgane er i ferd med å forsvinne. Meir spesialisert kirurgi gjev betre og meir effektiv behandling, men krev samstundes sentralisering.

Odda sjukehus klarer i dag å ha eit akuttkirurgisk døgntilbod med berre 3,75 overlegeheimlar i kirurgi. Skal generalistane i Odda bli erstatta av meir spesialiserte kirurgar, vil sjukehuset trenge 10–11 heimlar. Det ville vere ein meiningslaus ressursbruk.

Med dagens bemanning tilseier omsynet til liv og helse at akuttkirurgien i Odda bør førast vidare som i dag. Det krev at ein igjen utdannar generelle kirurgar. Viss det ikkje skjer, og bemanninga må aukast, bør folket i indre Hardanger bu seg på at saka kjem opp på nytt.

Publisert: