Eit krav om kvalitet

Private høgskular har godt av å få litt fleire krav, så studentane får eit best mogeleg tilbod.

STØTTE: Bergen Arkitekthøgskule er blant skulane som står i fare for å miste statsstøtte dersom eit ekspertutval får viljen si. Det skuldast at skulen ikkje er ein akkreditert privat høgskule. Strengare krav vil vere til det beste for elevane, meiner BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Private høgskular som får støtte frå skattytarane, må tole strenge krav til kvalitet. Det bør ikkje halde at studieprogramma er godkjende, også sjølve institusjonen bør vere akkreditert.

Det vil vere til det beste for studentane.

Førre fredag kom ein ny rapport om tilskotsordninga for private høgskular. Ekspertutvalet var sett ned av regjeringa, og eit av framlegga var å stramme inn kven som kan få offentlege midlar. I dag er det 18 private høgskular som tek imot støtte. Ti av dei er akkrediterte høgskular. Åtte av dei er ikkje.

Les også

Høyskoler bryter målloven – skriver for lite bokmål

Ekspertutvalet foreslår at berre akkrediterte skular skal få støtte. Det vil gjere at til dømes Bergen Arkitekthøgskule (BAS) blir fråteke offentlege tilskot, dersom regjeringa lyttar til utvalet.

Skilnaden er at dei akkrediterte skulane har strengare krav om systematisk kvalitetskontroll. Dei akkrediterte har også høve til å opprette nye studieprogram utan å søkje godkjenning frå Nokut (Norsk organ for kvalitet i utdanningen). Dei ikkje-akkrediterte skulane får støtte på bakgrunn av at dei einskilde studieprogramma er godkjente.

Difor har staten mindre kontroll på at studentane får god nok kvalitet i utdanninga på desse skulane. Ei innstramming av krava vil vere ein ekstra mekanisme for å sørgje for at skattepengar blir brukt best mogeleg.

AVGJERSLE: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen må ta stilling til eit forslag om å endre reglene for private høgskular.

Det totale statlege tilskotet til private høgskular nærmar seg 1,4 milliardar kroner i året, og det har vore ein kraftig vekst dei siste åra. Private høgskular er eit gode som bidreg til eit mangfald i studietilbodet, men med dei statlege pengane må det også kome krav.

Krav til akkreditering vil gjere at skulane må levere over lenger tid, og dei må tilfredsstille Nokuts krav til organisering, kvalitetsarbeid og resultat. Samstundes må også primærverksemda vere nettopp høgare utdanning, forsking eller kunstnerisk utviklingsarbeid.

Les også

Leder: Ny høyskole bør løfte Vestlandet

Les også

Få norske studenter gjør en «utdannelsesreise»: Bare tre av ti har foreldre uten universitets- eller høyskole

Utvalet seier at nokon av dagens institusjonar truleg ikkje vil kunne halde fram utan statstilskot, fordi det er for smale og spesialiserte.

Det er eit paradoks at statlege høgskular landet over slår seg saman for å sikre god kvalitet og solide fagmiljø, samstundes som at systemet for private høgskular legg til rette for små skular.

Ei god overgangsordning må sjølvsagt på plass. Men til det beste for studentane og skattytarane, må styresmaktene sikre jamstilling og kvalitet hjå dei private høgskulane.

Publisert: