Eit viktig steg på vegen

Vedtaket om ei kommunereform er eit viktig steg mot eit meir framtidsretta Noreg.

 HISTORISK: Kommunalminister Jan Tore Sanner (H) har fått gjennom den første større kommunereforma på 50 år. Den bør følgjast opp med ei ny, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over seks år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Det er historisk sus over kommunereforma som vart vedteken i Stortinget i går. Høgre, Frp og Venstre fortener ros for å ha gjennomført den første større endringa av kommunestrukturen sidan 1967. Likevel er det eit alvorleg skår i gleda at den ikkje vart meir omfattande.

Stortinget har ansvaret for at Noreg blir styrt på ein fornuftig måte. Det inkluderer ein rasjonell og tenleg kommunestruktur. Kommunereforma har vist at ein kan kome ganske langt utan å tvinge kommunar til å slå seg saman, men ikkje langt nok.

Reforma vil redusere talet på kommunar frå 428 til 354. Regjeringas ekspertutval kom i 2014 fram til at ein må ned til 100 kommunar. Det er slett ikkje sikkert at ein bør gå så drastisk til verks, men viss landet skal få ein rasjonell kommunestruktur bør årets reform raskt følgjast opp med ei ny.

Utfordringa er at det neppe kan skje utan bruk av tvang. Opposisjonen, med Senterpartiet i spissen, freistar å slå politisk mynt på motstand mot tvang. Dei røysta i går i mot dei 11 tvangssamanslåingane i kommunereforma.

Senterpartiet hevdar dei gjev ei røyst til folket, at det er i det lokale dette må avgjerast. Saman med det tidlegare så ansvarlege reformpartiet, Arbeidarpartiet, gjev dei kvar kommune vetorett.

Folk som bur i kommunane bør høyrast så langt det er mogeleg. Men av og til er tvang einaste løysing, utan at det fortener stempel som udemokratisk. Stortinget og regjeringa er valde av folket for å styre landet. Ei av dei viktigaste oppgåvene deira er å sjå kva som er best for folket som heilskap.

Det inkluderer å gje landet ein tenleg kommunestruktur. Mellom anna må kommunane bli store nok til at ein unngår naudløysingar, som interkommunale selskap. Målet er å gje innbyggjarane gode tenester under demokratisk kontroll, og å gje lokalpolitikarane reelt politisk handlingsrom. Det vil styrke, ikkje svekke, lokaldemokratiet. For å få det til må ein endre kommunegrenser.

Oppgåvene til landets kommunar er blitt langt fleire og tyngre sidan 1967. Samstundes gjer nye vegar, bruer og internett at ein kan få til langt meir, med høgare kvalitet, om ein slår saman små kommunar. Kommunereforma bør difor gå vidare i neste stortingsperiode, sjølv om det kan bli vanskeleg om dei raudgrøne kjem til makta.

Publisert: