Nav på alternativ tur

Statleg støtte til kurs i alternativ behandling er ein dårleg idè.

HEALING: Nav brukar pengar på å omskolere folk til healerar og anna alternative behandlingar. Det bør dei slutte med, skriv BT på leiarplass.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel
iconLeder
Dette er en leder. Lederartikkelen uttrykker Bergens Tidendes publisistiske idé: En partipolitisk uavhengig, frittstående, liberal og borgerlig (ikke-sosialistisk) avis.

Nav er den norske statens viktigaste reiskap for å gje folk ytingar dei har krav på. Etaten forvaltar rundt ein tredel av heile statsbudsjettet. Då må ein kunne krevje at dei forvaltar pengane med vit.

Det kan ein ikkje seie har skjedd i saka som Vårt Land fortalde om tysdag: Tømraren Daniel André Lystad måtte omskolerast til eit mindre fysisk krevjande yrke på grunn av ryggskadar. Valet hans falt på ein form for healing, som han oppdaga på Alternativmessa i Lillestrøm. Nav vedtok å gje han arbeidsavklaringspengar, slik at han kunne ta healer-utdanninga som kostar 80.000 kroner.

Saka er ikkje noko eingongstilfelle. Vårt Land har vore i kontakt med seks alternative skular i Norge, der fem melder at dei har eller har hatt elevar som har fått statleg støtte.

Det er gode grunnar til å vere skeptisk til healing og andre alternative behandlingsmetodar utan dokumentert verknad. Mellom anna kan dei gje alvorleg sjuke falsk von om forbetring i tilstanden. Meir generelt har bransjen ei økonomisk interesse av å spele ned uvissa med behandlingane, og bortforklare mangelen på dokumentert verknad.

Les også

Nav sponser healer-utdanning

I fjor gjekk 36 prosent av nordmenn til alternativ behandling minst ein gong i løpet av året. Dei brukte til saman fire milliardar kroner på dette, ifølgje forskingssenteret Nafkam.

Så lenge healerar og andre ikkje bryt lovverket kan ein likevel ikkje seie noko på at folk søkjer seg til bransjen. Men det blir heilt feil at staten skal betale for denne typen utdanningar, og dermed gje dei eit godkjentstempel som helsestyresmaktene ikkje gjev.

Nav er avhengig av tillit, både som forvaltar av skattebetalaranes pengar og som reiskap til å få folk i produktivt arbeid. Her bør det vere eit krav at utdanningane Nav støttar er samfunnsnyttige. Innanfor helsefeltet bør det vere eit minstekrav at yrket ein utdannar seg til har ein dokumentert helsefremjande effekt.

Frps arbeids- og sosialpolitiske talsmann, Erlend Wiborg, vil ta opp saka med arbeids- og sosialminister Anniken Haugli. Wiborg foreslår at Nav skal avgrense støtta til utdanningar som er godkjente av Lånekassa og NOKUT. Det er eit forslag både Haugli og leiinga i Nav bør sjå nærmare på.

Det er opp til kva einskild kva dei ønskjer å bruke pengane sine på. Kva staten brukar pengane på, er ei anna sak.

Publisert: