Fleire vel yrkesfag

Årstad vidaregåande skule har størst auke og færre vil til Amalie Skram, viser søkjartala for Hordaland.

I VEKST: Årstad vgs. har størst auke i søkjartala. Inntaksleiar Nils Skavhellen trur det heng saman med at skulen er nyrenovert.
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over syv år gammel

Årstad vidaregåande skule har størst auke i søkjartala av dei vidaregåande skulane i Hordaland. Auken er frå 833 søkjarar i fjor til 990 søkjarar i år, altså 157 fleire elevar og ein auke på 16 prosent.

Helsefag populært

Inntaksleiar Nils Skavhellen i Hordaland fylkeskommune trur det heng saman med at skulen er renovert.

– Elevane på Årstad er meir nøgde med den nye skulen. Den beste marknadsføringa er at dei spreier denne gode bodskapen. At dei har lukkast, ser vi på den kraftige auken i søkjartala, seier han i ei pressemelding.

Innan yrkesfag har helse- og oppvekstfag størst auke i søkjartala. Auken er på 14 prosent.

– Elevane søkjer denne utdanninga fordi dei er sikra jobb. Utdanninga har hatt auke gjennom fleire år, seier inntaksleiaren.

MEST POP: Helse- og oppvekstfag har størst auke i søkjartal. På dette programfaget kan ein mellom anna går vidare på hudpleie, slik desse tredjeårselevane på Årstad gjorde.

Færre på studiefag

Totalt søkjer 18 634 elevar plass i den vidaregåande skulen komande skuleår. Dette utgjer ein nedgang på 364 frå i fjor, men samstundes er det nedgang i ungdomskullet i Hordaland med 180. Tal på søkjarar som har ungdomsrett er 17 075. I høve til i fjor er dette ein nedgang på 363.

Til dei fleste av utdanningsprogramma på vg1 er søkjartala svært stabile og har vore det i fleire år. På studiespesialisering er det 281 færre enn i fjor.

– I tillegg til nedgang i kullet, kan årsaka vere at den generelle nedgangen i resten av landet no slår inn over Hordaland. Ei anna årsak kan vere at fleire er sikre på å få plass på private skular og ikkje søkjer dobbelt, seier inntaksleiaren.

Amalie Skram

Størst nedgang i søkjartala har design og handverk, elektrofag og teknikk og industriell produksjon. Søknadstala viser òg at effekten av den nye Amalie Skram vidaregåande skule er over. Skulen har i år 142 færre søkjarar med 1554, men er framleis den mest populære skulen.

Bergen Katedralskole har 79 fleire søkjarar. Medan søknadstala til Nordahl Grieg og Sandsli vidaregåande skular går ned etter auken dei hadde i fjor som følgje av nedlegging av Fana gymnas. Slåtthaug vidaregåande skule har òg tilbakegang etter kraftig marknadsføring og auke i fjor og er no tilbake på nivået dei hadde før.

Publisert: