Hopp til hovedinnhold

Kinsarvik bygdekvinnelag

På cruise - (i alle fall nesten...)


«Omvendt cruise-utflukt» kan det vel kallast då 12 damer frå Kinsarvik bygdekvinnelag gjekk over landgangen til «Viking Sea» på fredag, medan passasjerane der var på utflukter på land.

Me ser dei når dei går inn og ut fjorden, og me les innlegg i media om satsing på cruisehamner, økonomien i cruisetrafikken og  forureining av fjordane våre frå desse store flytande hotella.

Men korleis er det eigentleg å vera om bord?

Turnemnda vår hadde i år skaffa oss plass til omvising på cruise-skipet Viking Sea som denne dagen låg til kai i Eidfjord. Eit norskregistrert cruiseskip med plass til 930 passasjerar. Få av oss hadde vore om bord i eit cruiseskip før, kanskje vart dette både første og einaste gongen for mange. Me vart godt mottekne om bord, og etter at me hadde levert frå oss passa våre og gått gjennom sikkerhetskontroll og skanning, var det omvising frå nedste til øvste dekk. Me vart viste rundt i salongar, spa-avdeling, dei mange restaurantane og symjebasseng-områda. Båten hadde og teatersal og eit eige fryserom med snø (!) som gjestene kunne gå inn i. Kanskje direkte frå saunaen og inn dit? Før me forlet båten var det tid til ein kopp kaffi i salongen.

Etterpå var det lunsj hos «Tunet på haugen».  Kjekk og triveleg plass, og viltgryta me fekk servert ved peisen var nydeleg. Her var det og ein liten gardsbutikk med lokalmat som brød og syltetøy og div økologisk varer.

Etter ein liten spasertur ned til sentrum i Eidfjord var det tid for kaffi og kaker hos Fjell og Fjord Kafe og Kremmeri. Dette viste det seg å vera  både kafe, butikk og kunstgalleri. Og like ved var det enno eit par små souvenirbutikkar, så litt shopping vart det og tid til før minibussen vår henta oss for heimreise. Ja, for mellom strikkajakker og troll made in China, var det faktisk råd å finna fine og nyttige ting for bygdekvinnene.