Hopp til hovedinnhold
Aud Jermstad og Debbie Spets stakk av med hovudpremien i "Mosjon 52". Foto: Anna Villa

Aud Jermstad og Debbie Spets stakk av med hovudpremien i "Mosjon 52". Foto: Anna Villa

Vinnarane av trimkonkurransen "Mosjon 52" er….

Aud Jermstad frå Skogn i Nord-Trøndelag og Debbie Spets frå Selbu i Sør-Trøndelag stakk av med dei aller gjevaste premiane i trimkonkurransen «Mosjon 52».

Dei to vinnarane har fått kvart sitt gåvekort til ein verdi av 10 000 kroner, som kan brukast til ein eller fleire overnattingsturar i dei unike tretopphyttene i Ringsaker saman med familie og vener. Norges Bygdekvinnelag ønskjer god tur og god fornøyelse!

240 spreke kvinner og menn har delteke i trimkonkurransen "Mosjon 52". Alle som har sendt inn kortet sitt i konkurransen får eit diplom tilsendt på e-post.

Me har også trekt tre heldige vinnarar som får flotte turklede frå Fjellreven. Desse er: Ingeborg Herstad frå Sola, Grethe Skar frå Plurdalen og Hanne Lersveen frå Ullensaker.

Gratulerer og takk for deltakinga!

 

- I 2016 har lokallaga invitert til opne folketurar i bygda si gjennom prosjektet «Bygda i bevegelse»

- 175 lokallag har delteke

- 17 000 har vore med bygdekvinnelaga ut på tur og i fysisk aktivitet, med sunn og god turmat

- Over 700 turar er gjennomført over heile landet

- Svært mange folk har fått drahjelp frå bygdekvinnelaget til å leve eit meir aktivt liv

- Og me har fått mange nye medlemar gjennom prosjektet!