De overraska publikum, sjokkerte plateselskapet og forvirra anmelderne

Tilbake til framtida: Det første kapittelet i norsk rap skal ut på femdobbel vinyl.

Foto: Morten Andersen
Foto: Morten Andersen Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Publisert
Sist oppdatert

Året er 2991, og staden er The North Side. Det ligg brende lik og restar av robotar strødd omkring. Den kapitalistiske verdsordninga har kollapsa, atomkrigen er over, men dei som er igjen, krigar og slåst enno. Ei gruppe velorganiserte hiphoparar overlever ved å vere smartare enn alle andre. Dei rappar, filosoferer, seier nei til narkotika, taggar – og stikk av frå politiet. Dette er ekte, på ekte.

Her i 2017 har C+C Records starta ei folkefinansiering for å gi ut ein boks med fem lp-ar som skal dokumentere det aller fyrste kapittelet i norsk rappmusikk. Kapittelet består av tre grupper: L.A.W., A-Team og B.O.L.T. Warhead, men eigentleg berre to personar, som var kjernen i alle gruppene: Jayski og Cut Dominator (begge kjende under fleire alias). Boksen skal innehalde albuma frå A-Team og B.O.L.T., remiksar, demoar, instrumentalar, og ikkje minst låtane av L.A.W., som aldri gav ut plate. Det er altså på tide å sjå tilbake, heile 30 år tilbake.

Etter den fyrste bølga med rapp, electric boogie, graffiti-drodling i skulebøker og yo! hadde lagt seg på midten av åttitalet, var me mange som heilt eller delvis la vekk Break Machine-platene og dei kvite hanskane. Mange av oss fekk langt hår, og begynte å høyre på metall i staden. Hip-hop vart undergrunn, og levde berre vidare i Oslo og Østfold, hovudsakleg som ein graffitikultur. Nesten ingen laga rapp, og ikkje mange fleire tok musikken på alvor.

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.