DEBATT

Debatt: Sorteringssamfunnet

Me er ikkje meir framskredne enn dei som la ungen ut i skogen for å dø

Når politikar fattar vedtak som betrar metoden for påvising av genetisk avvik, er responsen typisk at dette fører oss eit skritt nærare sorteringssamfunnet. Hallo! Verda vil bedras. 

Mye vil ha mer?: Sett på spissen har me utvikla ein aversjon mot Downs. Me er motivert til å få det vekk. Jo meir me sorterer no, jo meir sortering vil komma. Tematikken vil fotfylgja oss som ein skugge, skuggen kan som du veit vera framfor deg, skriver kronikkforfatteren. Foto: Shutterstock / NTB scanpix
Mye vil ha mer?: Sett på spissen har me utvikla ein aversjon mot Downs. Me er motivert til å få det vekk. Jo meir me sorterer no, jo meir sortering vil komma. Tematikken vil fotfylgja oss som ein skugge, skuggen kan som du veit vera framfor deg, skriver kronikkforfatteren. Foto: Shutterstock / NTB scanpix Vis mer
Hei, denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon
Eksterne kommentarer: Dette er en debattartikkel. Analyse og standpunkt er skribentens egen.
Publisert

Helse- og omsorgsministeren godkjente nyleg blodprøven NIPT (Non Invasive Prenatal Test) som skal redusere behov for morkake- og fostervatnsprøve for gravide i risikosonen for å få ungar med genetisk mutasjon, til dømes Downs, og dermed risikoen for spontanabort som prøvane medfører.

Poenget var verken meir eller mindre sortering, eller? Pressemeldinga sa at dei som får påvist DNA-avvik på fosteret bør likevel ta dei to andre prøvane, så risikoen blir ikkje mindre for dei. Reddast den som reddast kan?

Sortering pågår, men folk vil ikkje sjå i augo denne sida av seg. Har det ei usynleg årsak, er det genene sjølv som ber oss sortera? Livmora sorterer, kromosomfeil fører ofte til spontanabort, ifølgje «Incidence and spectrum of chromosome abnormalities in spontaneous abortions: New insights from a 12-year study». På seg sjølv kjenner ein andre.

Tarmen er som ein hjerne, så kvifor ikkje livmora. Sortering er overleving. Me kan vel overleva utan å hjelpa til? Men kan me la vera? Det er menneskeleg å gjera feil.

Dei som levde i gamledagar ville vel ha kalla dagens praksis særs human, men me er ikkje meir framskredne enn dei som la ungen ut i skogen for å dø, utan tilgang på test eller abort, berre metoden er annleis. Bidrar teknologien til «ute av syne, ute av sinn»-mentalitet, kvitvasking av samvitet?

Les artikkelen gratis

Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.

Gå til innlogging med

Vi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.