Dei kunne svart med terror

Ut frå enkel 
logikk i Midtausten ville det vore forståeleg om kristne hadde svart med terror.

Forfølgde kristne er utmerka kandidatar til å svare med dei fattiges våpen, terrorisme, skriv internasjonale forskarar.

Men så gjer dei forfølgde nesten aldri det, har prosjektet «Under Cæsars sverd» – med base i University of Notre Dame – funne ut etter å ha studert 25 land.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

I Nigeria har lite mindretal kristne i sjølvforsvar teke til våpen mot Boko Harams grufulle vald. Det store fleirtalet har derimot valt samarbeid med andre religionar. Kristne debatterer kor moralsk og strategisk klokt valdsbruk er.

Eitt av svara på at kristne sjeldan tek til våpen, er at tanken om rettferdig krig pregar særleg katolikkar og tradisjonelle protestantar. Rettferdig krig seier ja til våpenbruk berre som svar på direkte valdelege åtak, og ideen forbyr tilsikta drap på sivile. Dei som er usamde er i staden pasifistar.

Vi kan ikkje anna enn å forstå at store skarar kristne har flykta fråIS-bestialiteten i Irak. Dei få som så langt har tenkt tanken på å flytte tilbake til heimane dei flykta frå, må få all hjelp dei treng for å kjenne seg trygge i nabolag der gamle muslimske naboar brått støtta IS. Hjelp og garantiar må også kome frå land utanfor.

Stefanusalliansen samarbeider ifleire land med kristne som dokumenterer urett og som hjelper folk som til dømes er utsette for falske blasfemiskuldingar eller tvangsekteskap til å gå til retten. Andre offer får traumehjelp og helsehjelp.

Kristne i Egypt er nyleg blitt utsette for grufull terror. Tre kyrkjer er ramma av sjølvmordsåtak, IS-krigarar brukte «dødslister» i Nord-Sinai og valdsåtak andre stader har gått litt under den internasjonale radaren.

Ut frå enkel logikk i Midtausten ville det vore forståeleg om kristne hadde svart med terror, særleg når sjølv ein hardhendt president somSisi ikkje har middel nok til å verne utsette kyrkjelydar mot sjølvmordsbomber.

I Egypt står dei kristne i skvis, mellom ein udemokratisk president dei har støtta og islamistar som brukar kristne som terrormål også for å undergrave Sisi.

Fleire kristne aktørar vel klokt: Dei engasjerer seg for å betre levevilkåra for både muslimar og kristne i eit samfunn prega av fattigdom. Dei søkjer alliansar med moderate muslimar.

Artikkelen fortsetter under annonsen.

Dei svarar med kyrkjegang og nei til frykt. Dei svarar også med forsoning – og treng her meir hjelp for også å få sin rett i eit samfunn prega av vedvarande diskriminering.

Viktige kristne aktørar nektar å overta ekstremistane sitt fiendebilete av tilhøvet mellom islam og kristendom. Det er eit klokt val mellom flukt og våpenbruk.