Nå tek bryggeriet opp kampen om ølkundane.

– Vi har håp om å vera landsdekkande. Da må vi greie om lag en million flasker i året. Det greier ikkje gudbrandølane å drikke opp aleine, smiler bryggar Gunnar Wiig.

Laagen Bryggeri starta i det små på Dale Gudbrands gard. Da Jon Forr selde garden, kjøpte han nye lokalar på Frya. Nå er det investert mykje, og bygd på. Forr eig bygget og har investert i bryggeutstyr, mens Laagen bryggeri står for brygginga.

– Vi er i ferd med å kome skikkeleg i gang, og i dag tappar vi for tredje gong, fortel Wiig mens han tømmer humle i den dampande vørteren.

Kamp om kundane

Når Dølen er innom er det ein amerikansk-inspirert ale som står på kok.

– Det er mykje godt øl på marknaden, og det er mange som krigar om plass i hyllene. Vi satsar såpass stort at vi er nøydd til ut av dalen og konkurrere, og da må vi ha fokus på kvalitet. Eg trur vi er flinke til å tømme ut øl. Det har gått nokre hundre liter i avløpet her, seier Wiig.

Vørterdunsten ligg tung innafor døra til bryggeriet i Arsenalvegen på Frya. Målet er i tillegg til å brygge øl for den nasjonale marknaden å vera eit nav i eit sydande og putrande ølbryggarmiljø i Midtdalen.

– Vi held allereie fleire ølkurs i året, og vi sel råvarer frå bryggeriet til heimebryggarane. Det er miljøskapande også, det å komme inn på eit bryggeri slik.

Lokal forankring

Håpet er at ein kan ha to årsverk knytt til bryggeriet, som allereie nå er i minste laget når varelageret er fullt. Men noko vidare utviding er ikkje aktuelt – ennå.

– Vi må fyrst lære å krabbe før vi kan lære oss å gå, seier Wiig nøkternt.

Han har brygd øl i snart femten år, og er tre gonger norgesmeister i ølbrygging. Han var også med å starte opp Norges kanskje mest kjente handverksbryggeri, Nøgne Ø, og deretter Atna Bryggeri i Østerdalen.

– Vi er små samanlikna med Ringnes og Heineken. Men målet er å etablere oss i det øvre sjiktet av norske handverksbryggeri. Og noko vi har som ingen andre har, er at vi har automatisert tappelinja, forklarar Wiig mens han syner fram den splitter nye tappelinja der flaskene står klare til å ta i mot dei gylne dråpane.

Raude tal

I 2014 hadde bryggeriet ein omsetnad på 398 000,-. Så langt har tala nedst i rekneskapen vore raude. Når marknaden nå skal erobrast er det Gudbrandsdalsmat som tek seg av distribusjonen.

– Det er litt av greia her. Skal ein starte noko bør ein basere seg på lokalt preg, meiner Wiig som snart sender dei fyrste flaskene med Laagen-øl ut på marknaden for å ta opp kampen om ølkundane.

Denne helga deltek midtdalsbryggeriet på Stavsbrygg, ølfestivalen på Tretten.

Denne saka stod fyrst på trykk i papirutgåva av Dølen 14. juli. Abonnere på Dølen? Klikk her!

Bryggar Gunnar Wiig tømmer humle i den dampande vørteren. Foto: Bjørn Sletten