Jurgita Kievisiene frå Fåvang/Litauenhadde med seg ei svigerinne og ei venninne til Vålebrua med kam og fingerferdigheit laurdag Håret til Melat Mebratho frå Vinstra/Eritrea, fekk ei kjempefin snurreflette, og det gjekk etterkvart fleire jenter med dei karakteristiske flettene rundt i landsbyen. Melat flytte med familien sin til Midtdalen for seks år sidan, og Jurgita har budd her i åtte år.

For femte gong arrangerer eit utval av folk og instansar Multikulti, for å synleggjera dei ulike kulturane som innbyggjarane i Ringebu representerer.

Anten det var mat frå Sverige, Eritrea, Island eller Thailand, eller strikking, sjakk eller hesteskokasting, var det mange som ville prøve. Så mange at fleire av dei internasjonale matbuene gjekk tomme for spesialitetane sine.

Les også om Multikulti i neste Dølen.