Og med meir meiner dei meir for publikum, og meir faginnhald. Det daglege brød står dei for til dagleg, på ei landbruksmesse skal det også vera plass for "sirkus".

- Det skal vera slik at gardbrukaren føler han har att for det om han brukar dagen her, seier komiteen bak årets arrangement. Dei er sett saman frå faglaga Bonde- og småbrukarlaget, Bondelaget, Sau og Geit. I tillegg er landbruksmaskinforhandlarane med.

Kan godt bli størra

Komitemedlemmane er samde om at fleire målgrupper skal nås, og ser for seg å gå alle i møte med eit tilbod. Anten det er fagleg stoff for gardbrukaren, aktiviteter for barna eller mat av alle slag.

- Eigentleg kan vi tenke stort, tilsvarande messer fins i resten av skandinavia, og vi kan jo ikkje anna enn seie at vi ligg sentralt til i landbrukssamanheng, seier dei.

Laurdagens Landbrukets dag samla bra med folk, og har vore sakna sidan slutten av nittitalet som eit fast innslag kvart år, både for næringa og bygdafolk.

Komiteen ønskjer å nå eit nivå der dei får til eit fagleg innhald for næringa, og eit tilbod ellers som fengar små og store, og utvidar gjerne. Det er allereie klart at Landbrukets dag også kjem neste år.

I år såg det ut til å vera bra fengande for dei små; her var kaninar, geit, hest, sau, gjetarhund, ku og kalv og grisungar. Og trøtraktorar var i flittig bruk.

Kalvmønstringa samla ni ekvipasjar, og sløyfe vart det på alle saman. Sanna Maria Solbraa og kalven Stjernedrøm var ei av dei.

- Vi ønskjer å gje alle premie, sidan det er arbeidet dei har gjort heime før dei kjem hit som er viktig. Og det kan vera vanskeleg for oss å sjå, seier Karen Birgitte Øvreness.

Ho jobbar til dagleg i Tine som sekretær for prodsentlaget og var med i teamet bak mønstringa. Dermed vart det blå sløyfe både for kalven Stjernedrøm og alle dei andre.