Frya motorshow samla omkring 800 publikummarar laurdag, og Emilie var ei av rundt 15 lokale deltakarar i tre ulike klasser, der Emilie knuste 20 andre bilar i løpet av fem eliminasjonsrunder. Bracket var ei av totalt fire klasser under arrangementet, der dei andre var Street, Bad Boys/Girls og Jr. Dragster.

- Berre det brummar, så er det greit, seier Emilie til Dølen.

Starta eige firma

Ho kjører til dagleg tyngre bilar, men frå tolvårsalderen var ho med på dragracing. Etter ei pause på nokre år med studier og etablering av eige selskap, kom ho attende til motorsport i fjor.

- Street Legal har ikkje så mange løp eller over fleire dagar slik som i dragrace, så dette kan eg fint halde på med som hobby, seier ho.

At motorsporten er mannsdominert ser ho ikkje på som eit problem, men ho kunne godt tenkt seg at fleire damer vart med. Her køyrer alle mot alle, og har absolutt like føresetnader, meiner Emilie.

- Eg er veldig glad for at det ikkje er kjønnsdelt, her får alle konkurrere mot alle på like vilkår, det skulle berre mangle, seier ho.

Lillegul populær

Arrangementet gjekk av stabelen fyrste gong i fjor, og draumen til arrangørane NMK Midt-Gudbrandsdal og Amcar HD Fron er å snart få ei eiga «flystripe» oppe på anlegget på Pallane.

Ellers var motorshowet populært hjå den yngre filmtittande garde laurdag; «kjendisbilen» Lillegul, kjent frå dei to Børning-filmane, var på plass. Eigar Richard Andersen var på plass som speaker og i pausene fekk fleire unge «fans» prøvesitte den gule Mustangen - store ting.