Det var fullt i foajeen i Surnadal kulturhus før dørene opna inn til Finstuå og grafikkutstilling med Odd Ingar Skrøvseth.

Styreleiar i Vårsøg, Jostein Ansnes, starta med å ønske velkomen til den 22. Vårsøghelga, og med den innsatsen som frivillige og aktørar legg for dagen, reknar han med at dei skal klare å utvikle helga vidare dei neste 22 åra òg.

Perikom med Karstein Mauset i spissen og med god hjelp av Jo Ranheim på gitar og Ronny Kjøsen på trekkspel gav oss litt musikalsk kultur med tekster av lokale diktarar som Jørgen Gravvold, Astrid Krogh Halse og Hans Hyldbakk, før Karstein Mauset gav ordet til leiar i Surnadal Kunstforeining, Marit Larsdotter Moen.

Ho presenterte oss for Vårsøgkunstnaren, og han fortalde litt om sine eigne bilde - blant anna at han kom med berre grafikk til denne utstillinga - litografi og tresnitt.

Han fortalde at det var eit spesielt bilde som står hans hjarte nær akkurat no, og det er tresnittet "I Svealiå".

- Eg tok meg ein tur på Svean for å finne motiv, og kanskje material til eit tresnitt, fortel han.

Og så fann Jostein Moen fram bordkledingsmaterial som låg att sidan 50-talet - skore av tømmer frå Svealiå. Og ikkje nok med det, materiala var dimensjonerte, noko som passar godt for material som skal brukast til tresnitt.

Spesielt med trykka, er at Skrøvseth let furukvisten stå urørt, noko som kjem klart fram i trykka.

- Det er litt artig å tenkje på at denne furua sto og vaks oppi Svealiå den gongen i 1945 då Hans Hyldbakk skreiv diktet "Vårsøg", seier han.

Han understrekar at visa "Vårsøg" med tekst av Hans Hyldbakk og melodi av Henning Sommerro er ein optimistisk song som har spreidd seg både i heile landet og utanfor landets grenser.

- Det er jo slik at vi blir meir optimistiske når sola kjem att etter ein lang vinter, og alle har vi vår Sveali når våren kjem, seier han.

Deretter gav Marit Larsdotter Moen beskjed om å opne dørene inn til Finstuå så folk kunne strøyme inn og sjå på bilda.

Fredagskvelden held fram med trippelkonsert i Surnadal Billag på Surnadalsøra. Der får vi bachelorframføring av trommis Oddbjørn Sponås, powerpointpop med Sigurd Brørs og så Surnadals nye bluesrockband - #FakeBlews. Det er mykje å sjå fram til framover i Vårsøghelga.