Surnadal kino kler seg opp med supertruse til helga og håpar det skal ta nuven på skummel mumie.

Bokserien om Kaptein Supertruse er av dei meste populære mellom dei yngste. No kjem også filmen om denne rimeleg lite supre superhelten. For det er dei to rampungane Thomas og Harald som hypnotiserer den slemme rektoren på skulen til å tru at han er den godhjerta og elastiske Kaptein Supertruse. Filmen er med norske stemmer og har premiere fredag 9. juni kl. 18 (6 år).

På vaksenforestillinga møter vi Tom Cruise som Navy Seal-soldaten Tyler Colt som oppdagar eit gammalt gravkammer i Irak der dei finn sarkofagen med ei mumifisert egyptisk prinsesse. Eit arkeologisk team fraktar sarkofagen heim til Storbritannia. Det skulle dei ikkje ha gjort. Absolutt ikkje. For å seie det slik; Brexit blir nok berre småtteri mot kva vanskar og ulukker som The Mummy steller i stand.

Fredag 16. juni blir det – endeleg – action med Wonder Woman. Endeleg, av di premieren her til lands kjem eit par veker etter dei fleste andre. Difor kan vi melde om enorm begeistring for at her kjem det ein kvinneleg superhelt som feier alt av maskulint testosteron av banen og langt utover sidelina. «Wonder Woman» har fått ei så høg publikumsscore som 8,3 (av 10) på imdb.com, så har du sans for action, har du sans for Wonder Woman, skriv Steinar Hasselø på Surnadal kulturhus i pressemelding.